Ikkje på tre-fire år har minsteprisane fått eit slikt løft som frå nyttår. Ifølgje direktør i Vest-Norges Fiskesalslag, Magnar Aasebø, er det fordi folk et meir fisk og etterspurnaden aukar. - På restaurantar for fem-seks år sidan var det nesten ikkje fisk på menyen. Men i dag er det nesten ikkje ein restaurant som ikkje tilbyr fisk, seier han.
Må ikkje auke for fort
Minsteprisen er prisen fiskaren er garantert å få. No aukar prisen for nesten alle fiskeslag. Prisauken er svært gledeleg for fiskarane. Kjøparane derimot er ikkje like glade. Og til sist er det kanskje vi som vil ete fisken som må betale.
Og Aasebø forventar at fiskeprisane vil auke endå litt til. Men han håpar det ikkje skjer for fort. For då kan det bli eit fall i marknaden att, seier han.