Hopp til innhold

Høg temperatur om nettleige

HOLMEDAL (NRK): – Eg veit at det sit pensjonistar og frys for dei skal spare på straumen, seier leiar i Kystpartiet i Bergen, Kurt Pedersen

Asgeir Aase

F.v. Asgeir Aase, nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, måtte tole mange kritiske spørsmål på folkemøtet om nettleige i Holmedal måndag kveld.

Foto: Bård siem / NRK

Trass i at det var berre 30 frammøtte, var temperaturen til tider høg på folkemøtet i Holmedal måndag kveld der temaet var nettleige. Mange var rasande mot at nettleiga i fylket er om lag 50 prosent høgare enn i dei store byane.

– Dette er ein felles naturressurs og det må fordelast ut på alle, sa Erlend Gjul, som var ein av fleire som tok ordet på folkemøtet.

Det er heller ikkje mykje å hente på å spare på straumen, meinte Gjul.

– Dersom ein tenkjer at ein skal bruke mindre straum, så viser det ikkje særleg igjen på rekninga. Ein får likevel ei straumrekning på 1800 kroner og ei nettleige på 2600 kroner. Det eine bit det andre i ræva, sa han.

Erlend Gjul

Erlend Gjul (t.h.) var ikkje nådig i kritikken mot at nettleiga er mykje høgare i distrikta enn i byane.

Foto: Bård Siem / NRK

Det hjelp ikkje å spare på straumen. Det eine bit det andre i ræva.

Erlend Gjul

Tre årsaker

Asgeir Aase som er nettsjef i Sogn og Fjordane Energi fortalde at det i hovudsak er tre årsaker til prisskilnadene.

– Vi har svært mykje meir nett per kunde. Vi må og bygge mykje nett for å få ut ny fornybar energi, og ein stor del av denne rekninga hamnar hjå kundar som ikkje spør etter det. Det tredje er at vi har eit område og ein geografi som er krevjande, sa Aase.

Eg forstår at folk reagerer på at nettleiga er høg.

Asgeir Aase

Politisk styring

Skal nettleiga fordelast likt på alle i landet, slik mange tok til orde for på folkemøtet i Holmedal, må det politisk styring til.

– Alt er mogleg, men det er i så fall politikk på høgt nivå, og noko som vil krevje lovendring. Det er ingen kjapp veg dit, men det er sjølvsag mogleg, seier Aase.

Jarl Iversen frå Holmedal ville vite kven det var som betalte for kablane ein brukar for å eksportere straum til utlandet. Aase sa at den langt på veg skal finansiere seg sjølv.

– I dag går dette inn i sentralnettet og utgjer ein liten del av straumrekninga. Det er også meininga at dette langt på veg skal finansiere seg sjølv gjennom inntekter som kjem på begge sider av kabelen, sa Aase.

Kystpartiet i Sogn og Fjordane stod bak folkemøtet.