Hopp til innhold

Ho veit kor viktig «Verdas autismedag» er

FØRDE (NRK): Margunn Dyrdal har ein 12 år gamal son med autisme. Ho veit betre enn mange andre kor viktig det er med fornya kunnskap.

Margunn Dyrdal

HAR ERFARING: Sonen til Margunn Dyrdal fekk diagnosen barneautisme då han var tre år gamal. Ho seier samarbeid mellom skule og pårørande er alt for at ikkje sonen skal dette gjennom.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Laurdag 2. april er det Verdas autismedag. På Førde sentralsjukehus vart dagen markert ved å halde kurs fredag. I auditoriet er det plass til 125 personar, og det var så vidt alle påmelde, både fagfolk og pårørande, fekk plass.

Blant dei som var påmeld kurset var Margunn Dyrdal frå Sande. Sonen hennar fekk diagnosen barneautisme då han var tre år gamal. No er han 12 og har truleg møtt på det meste av utfordringar i skulekvardagen.

– Det aller verste er at folk ikkje forstår han, kvifor han reagerer slik, kvifor han er slik som han er. Folk som kan akseptere han slik som han er, det er det viktigaste ein unge kan oppleve, både av vaksne og medelevar, seier Dyrdal.

Viktig med samarbeid

Eit godt samarbeid mellom pårørande og skule er uansett viktig, men med eit barn med autisme er det endå viktigare.

– Det er alfa omega. Desse ungane seier lite sjølv, og det er lite dei fortel heime.

Dyrdal fortel at det er viktig å førebu sonen på ting som skjer framover, og få greie på kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor for å hindre at det skjer igjen. Ho er svært glad for den store oppslutnaden rundt kurset.

Unngå problemåtferd

Spesialpedagog Dag Gladheim Sørheim

KURSHALDAR: Dag Gladheim Sørheim snakka om matte og lesing, men også problemåtferd i klasserommet.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Eitt av emna på kurset var problemåtferd i klasserommet. Føredragshaldar og spesialpedagog Dag Gladmann Sørheim, seier dette er utbreitt.

– Det er mange elevar som klagar over at det hemmar deira læring. Dei kom heim med hovudpine fordi det er så mange forstyrringar i klassen. Så det går utover dei som i utgangspunktet ønskjer å lære. Og så går det absolutt utover dei som driv med denne typen problemåtferd, for det hemmar openbert også deira moglegheiter for å lære, seier Sørmann.

Eit av dei viktigaste verktøya for å hindre problemåtferd er å løne elevane når dei gjer noko bra, framfor å kjefte på dei når dei gjer noko gale, fortel spesialpedagogen.

Gunn Sande

VIKTIG MED INFORMASJON: Gunn Sande er leiar for Autismeforeninga i Sogn og Fjordane.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Han viser til eit spel der ein kan bruke kuleramme og flytte kulene når nokon bryt reglar. Bryt dei reglar skjer det ingenting anna, men klarar dei å halde seg til lite kuleflytting blir dei premiert.

Leiar i Autismeforeninga i Sogn og Fjordane, Gunn Sande, seier talet på frammøte syner kor viktig det er med informasjon.

– Dei fleste som jobbar med våre barn, og også pårørande, treng heile tida informasjon og opplæringsmetodar, og hjelp og råd til korleis ein skal meistre kvardagen, seier ho.