Hopp til innhold

Ho og 500 andre skal telje utanlandske vogntog og varebilar

Norges Lastebileier-forbund (NLF) skal i 24 timar telje utanlandske vogntog og semitrailerar på norske vegar. Også den aukande trenden med utanlandske varebilar skal registrerast.

Astrid Tenden

KLAR TIL Å TELJE: Astrid Tenden er mellom dei som skal registrere norske og utanlandske lastebilar og varebilar i Stryn.

Foto: Rolf Olav Tenden

Frå klokka 12 tysdag til klokka 12 onsdag står folk frå NLF på 20 stader i landet og tel både norske og utanlandske bilar. I Sogn og Fjordane står dei på Skei og i Stryn. Mellom dei som skal telje bilar i Stryn er leiaren for lastebileigarane i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden.

– Eg må ut eg og, veit du. Men det blir etter arbeidstid. Og vi får også hjelp av elevar frå transportfaglinja på Stryn vidaregåande skule om natta. Vi treng å sove, vi som har kome opp i åra.

– Vil verne om arbeidsplassane

Dette er tredje gongen lastebileigarane tel norske og utanlandske bilar. Teljeaksjonar i 2013 og 2015 indikerte at kvart tredje tunge køyretøy på norske vegar var registrerte i utlandet, dei aller fleste frå Aust-Europa.

– Vi har hatt to teljeaksjonar med to års mellomrom. Vi har lyst å sjå utviklinga vidare. Vi såg i dei to forrige aksjonane at det var mykje meir utanlandske lastebilar enn det vi trudde. Vi vil sjå om det held fram. Vi må verne om arbeidsplassane våre.

Rolf Olav Tenden

SKAL TELJE BILAR: Fylkesleiar Rolf Olav Tenden i Norges Lastebileier-forbund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fokus på varebilar

Tenden fortel at dei i år også vil telje utanlandske varebilar. Kontrollane til Statens vegvesen har synt at mange transportørar har gått over til å bruke varebilar for å omgå norske reglar.

– Vi har merka ein trend med at det kjem mange utanlandske varebilar med stort volum, gjerne med ein tilhengar. Desse kan køyre utan løyve og utan fartsskrivar. Dei er ikkje underlagt reglar om køyre- og kviletid eller arbeidstid.

Kontrollane til Vegvesenet har vist at mange av desse varebilane er bortimot søkklasta. Mange er tekne for overlast. Tysdag prøvde ein litauisk varebilsfjåfør å stikke av frå ein kontroll på E16 i Lærdal. Han vart innhenta, og det synte seg at bilen hadde 37 prosent overlast.

Rolf Olav Tenden meiner desse varebilane er ein fare i trafikken, både på grunn av overlast og fordi sjåførane blir utslitne av å køyre i for mange timar om gongen.

500 i aksjon

Marknadsdirektør Kjell Olafsrud i NLF seier til lastebil.no at i alt 500 tilsette og friviljuge er med på teljeaksjonen på i alt 20 teljepunkt i heile landet. Også han er oppteken av å dokumentere trenden med utanlandske varebilar.

– Vi veit at stadig fleire transportoppdrag som tradisjonelt har vore utført med større lastebilar no blir køyrt med varebilar, der ein berre treng førarkort klasse B. Det er ikkje bra, verken for trafikktryggleiken eller konkurransetilhøva.