NRK Meny
Normal

Ho er nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane

FØRDE SENTRALSJUKEHUS (NRK): Denne jenta frå Hyen blei årets nyttårsbarn frå Sogn og Fjordane.

Nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane

SØV GODT: Denne vesle jenta blei nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Klokka 23.54 den 1. januar kom ho til verda på Førde sentralsjukehus, lukkeleg uvitande om at ho får sin mediedebut før ho er eit døgn gamal.

– He he! Det er ikkje noko vi tenkjer så mykje over. Vi er glad for at ho kom. Det er ei god veke på overtid, så det var på tide, fortel den lukkelege far, Jens Robert Hope.

Medan mor kviler ut etter fødselen, er det pappa som tek seg av besøkande mediefolk og han kan fortelje at det blei ein kjapp fødsel. Jenta vog 4730 gram ved fødselen.

– Det skjedde fort når det først skjedde. Knappe to timar frå vi sette oss i bilen til ho var komen til verda. Vi kom no heldigvis inn dørene før det skjedde.

– Har de bestemt kva jenta skal heite?

– Namnet er så langt ikkje bestemt. Vi spurte storebroren på to år kva han meiner ho skal heite. Då kom det kontant "Rusk!". Det kan hende vi skal vurdere litt andre namn før det!

Nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane

STOLT PAPPA: Jens Robert Hope syner fram dottera som kom til verda seint søndag kveld.

Foto: Bård Siem / NRK

1019 kom til verda i fjor

Av dei 1019 barna som kom til verda i fjor, vart 109 fødde i Volda og 19 på Voss. Fødeavdelingane på Nordfjordeid og i Lærdal vart nedlagde i 2012 og erstatta med såkalla «God start»-einingar, einingar som kan assistere under akuttfødslar og som mødrer og barn kan kome tilbake til etter fødsel.

Jordmor Beathe Håkonsen ved fødeavdelinga i Førde fortel at dei desentraliserte «God start»-einingane fungerer godt.

– Kvinnene er veldig god fornøgde med tilbodet på «God start»-einingane. Dei ikkje planlagde fødslane utanfor sjukehuset i Førde går som oftast bra, noko også forsking viser. Vi er så heldige i dag fordi dei fødande får ha jordmor med seg, anten dei føder akutt på Nordfjordeid eller dei blir køyrde i ambulanse med jordmor, seier ho.

Stor variasjon

Det var fødd 891 barn ved Førde sentralsjukehus i fjor, seks færre enn året før. I 2014 kom det 910 barn til verda ved sjukehuset i Førde, mot 882 i 2013. Seksjonsleiar Kjellaug Fredly fortel at det varierer veldig kor travelt det er på avdelinga.

Kjellaug Fredly

Seksjonsleiar Kjellaug Fredly ved Fødeavdelinga i Førde fortel at det vart fødd 891 barn ved avdelinga i fjor, ein nedgang på seks frå året før.

Foto: Bård Siem / NRK

– På enkelte vakter kan det kome fem-seks barn, andre gonger ingen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser