Hopp til innhold

Slik vil dei realisere Atløysambandet

Når Senterpartiet i morgon møter i fylkesutvalet, er det med ei fråsegn som vil gjere Atløysambandet sjølvfinansierande.

Jenny Følling

ENDRING: Jenny Følling (t.h.) ber fylkesutvalet bli med på ei fråsegn om å endre ordninga for ferjeavløysingsmidlane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fråsegna om å endre reglane for ferjeavløysingsmidlar er adressert Regjeringa, og kan gjere det lettare å finansiere fylkesvegar som avløyser ferje.

– Eg trur at Atløysambanden langt på veg kan vere sjølvfinansierande dersom ein likestiller ferjeavløysingsmidlar på riksveg og fylkesveg, og seier at vi betaler tilbake i 40 år dei kostnader vi har med ferja, seier gruppeleiar Jenny Følling (Sp).

Vart vraka i fjor

Verken Atløysambandet i Askvoll og Ytre Steinsund i Solund kom i fjor med i den Regionale Transportplanen. Årsaka var at ein ikkje fekk nok innsparte ferjemidlar til å fullfinansiere ferjeavløysingsprosjekta .

Når eit vegsamband avløyser ei ferje, får veganlegget dei pengane som det ville kosta å drive ferja ei viss tid år. Dette vart auka frå 15 til 30 år av den førre regjeringa, men ønskje no er at dette blir utvida til 40 år.

– Ordninga må også innehalde kompensasjon for den prisauken som vil komme på ferjedrift i åra framover, seier Følling

– Kan vinne fram

Frank Willy Djuvik og Ketil Solvik-Olsen på Frp sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

HAR TRUA: Frank Willy Djuvik (t.h.) seier fråsegna frå Senterpartiet er i tråd med det Frp står for.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, seier dette er i samsvar med Frp sine ønskje.

Han trur dei kan vinne fram i regjeringa.

– Eg trur Regjeringa vil lytte til innspela frå ferjefylka, i det arbeidet som no er starta. Det er veldig realistisk at denne modellen kan bli den endelege modellen, seier han og trur at ferjeavløysingsordninga kan vere klar om eitt til to år.

– Må jobbe raskt

Difor meiner Djuvik fylkeskommunen har forsømt seg når dei har lyst ut ferjeanbod for 10 år utan å ta atterhald om at ferje kan bli avløyst av veg før 10 år har gått.

– Her er vi nøydde til å arbeide raskt for å syte for ei opning for å kunne avslutte ferjedrifta før det har gått ti år, avsluttar han.