Då snøen kom trekte hjorten ned frå fjellet og rett til matfatet nede i bygda. I dag var det store skader på rundballane til Arild Fure.
- I staden for å grave opp maten, har hjorten gått rett på og laga hol på rundt 30 rundballar, seier Arild Fure.
Han er vant med hjortebesøk, men no har det vorte verre enn han nokon gong kunne førestille seg.
- Få rundballane heim
- Det har vore veldig tilsig med hjort frå høgdene dei siste dagane. Eg såg ein tendens etter hjortejakta til at det har kome hjort på overvintringsplassane. Men plutseleg har det komee 30 til 50 hjort her, seier han.
Medan han no arbeider med å redde resten av rundballane sine, åtvarar han no andre.
- Dei må vere påpasselege med å få rundballane heim i tide, seier Arild Fure.
Hjorten har laga hol i 30 av rundballane. Foto: Arne Vik