Hopp til innhold

Hetebølgja set fart på bresmeltinga: – Ein augeopnar

Rekordhøge temperaturar er dårleg nytt for norske isbrear. Dersom somrane held fram med å bli varmare, kan fleire isbrear forsvinne om få år.

Briksdalsbreen Juli 2019

STOR VASSFØRING: Atle Nesje har nesten aldri sett fossen frå Briksdalsbreen så stor som den var søndag.

Foto: Andreas Nesje

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hetebølgja som har lege over landet dei siste dagane har ført til mykje smelting frå isbreane. Atle Nesje, professor i geologi ved Universitetet i Bergen, seier auken i smelting dei siste dagane har vore merkbar.

– Vi har hatt temperaturar på over 30 grader, og det er klart det fører til stor smelting både på snøen som ligg igjen og på breane, seier han.

Smeltinga fører til at breelvane nesten går i flaumvassføring. Nesje fortel at han fekk tilsendt eit bilete av fossen frå Briksdalsbreen i går.

– Eg har nesten ikkje sett den så stor nokon gong.

Sjølve breen har derimot trekt seg kraftig tilbake dei siste åra.

Briksdalsbreen

KRAFTIG TILBAKE: Fronten av Briksdalsbreen har trekt seg langt tilbake dei siste 16 åra.

Foto: SIGBJØRN MYKLEBUST, OVE BRYNESTAD, KURT ERIK NESJE, ATLE NESJE, ANDREAS NESJE

– Ein augeopnar

Liss Marie Andreassen er breforskar i Noregs vassdrags- og energidirektorat. Ho fortel at dei no er i gang med å måle kor stor smelting som har vore på breane sidan vinteren.

Liss Marie Andreassen, NVE

BEKYMRA: Liss Marie Andreassen meiner det er god grunn til å vere bekymra for framtida til breane.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Førre veke var eg på Gråsubrean like ved Glittertind i Jotunheimen, og der var smeltinga verkeleg i gang. Det som var spesielt i år var at det var veldig lite snø i Jotunheimen, og no var heile breen fri for snø.

Andreassen meiner det absolutt er grunn til å vere bekymra for framtida til breane, og seier at veldig mykje av breane vil forsvinne i løpet av dei neste 20-50 åra.

– Breane er ein klimaindikator, og veldig sensitive for endringar i klimaet. Det kan vere ein augeopnar som viser kor alvorlege klimaendringane er.

Enda verre i fjor

Sommaren i fjor var endå verre for breane, med lange varmeperiodar. Om utviklinga i bresmelting held fram, fortel Nesje at ein del mindre brear kan forsvinne heilt om få år.

Atle Nesje

KAN FORSVINNE: Atle Nesje fortel at fleire mindre brear kan forsvinne om få år.

Foto: Svein Olaf Dahl

– Dei større breane vil ligge i mange år enno, men vi ser at brearmane kryp oppover og blir stadig kortare.

– Kva kan konsekvensane av bresmeltinga vere?

– Når breane blir mindre blir det også mindre smeltevatn, noko som kan få konsekvensar for vatning og jordbruk. Ein del vassmagasin kan òg stå i fare for å forsvinne heilt, i tillegg til at ein del vasskraftverk er avhengige av vatn frå breane.

Nedbør og temperatur avgjer

Nesje fortel at nedbør om vinteren og temperatur om sommaren er dei faktorane som avgjer om breane veks eller minkar. Klimaprognosar tydar på at vinternedbøren vil auke med 15 prosent mot slutten av dette hundreåret, medan sommartemperaturen vil auke med 2-3 grader.

– Vi har rekna på at denne auken i nedbør ikkje vil vere nok for å kompensere for temperaturauken, seier han, og legg til:

– Viss prognosane slår til vil bresmeltinga berre auke i åra som kjem. Mot slutten av dette hundreåret kan mange av dei små og mellomstore breane forsvinne heilt.

– Tøffe tider for breane

Steinar Bruheim, leiar for Jostedalen breførarlag, fortel at dei har merka smeltinga godt ved Nigardsbreen dei siste dagane.

Steinar Bruheim

UTFORDRINGAR: Bresmeltinga skapar utfordringar for Steinar Bruheim og breførarane i Jostedalen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det betyr ein lenger anmarsj til fronten av breen, og det kan bli ekstra arbeid for oss for å få til ei sikker rute opp i brefronten, fortel han.

Ifølgje Bruheim har brefronten på Nigardsbreen trekt seg tilbake mellom 400 og 450 meter dei siste åra, og 80 meter berre i fjor.

– Om den utviklinga held fram kan det i alle fall bli utfordrande å ha eit lågterskeltilbod. Vi må kanskje stille høgare krav til dei som skal vere med på dei guida turane.

– Det er tøffe tider for breane no. Det er fint vêr for turistane, men ikkje så bra for breane, slår Bruheim fast.