Hopp til innhold

Stryn er høgaktuelt som regionalt kraftsenter for skiskyting

Regionale kraftsenter skal gje fleire og betre norske skiskyttarar. Her er den nedleggingstruga idrettslina i Stryn ein heit kandidat for Vestlandet.

Stryn vidaregåande skule

UTSETT: Stryn vidaregåande skule kan vere berga, men idrettslina som skiskyttarpresident Tore Bøygard ser som eit naturleg kraftsenter for skiskyting, kan vere tapt.

Foto: Kirsti Horne

Norges skiskyttarforbund har allereie eitt kraftsenter på Lillehammer, eitt under oppbygging i Trondheim og eitt i oppstartfasen i Tromsø.

Også Sirdal blir vurdert som kraftsenter.

– For å få endå meir resultat, ynskjer vi å endre organiseringa. Vi ser difor på Sirdal og på Vestlandet, for der har vi ikkje kome så langt endå, seier skiskyttarpresident Tore Bøygard.

– Ta ei runde til

Bøygard har følgt spent med på skuledebatten i Sogn og Fjordane.

For over den høgt respekterte skiskyttarlina ved Stryn vidaregåande skule, kviler det mørke skyer. Politikarane har semja om ein plan for å sikre skulen også i framtida, men idrettslina ser tapt ut.

Nedgang i elevtal og inntekter gjer at fylkeskommunen har sett seg nøydd til å gjere endringar i skulestrukturen.

– Eg skjønar politikarane, men eg ville gått ei runde til og sett nokre kriterium for å prøve å bevare det som er bra og heller justere andre stader. Ein må ikkje slakte det beste for å lage reserveløysingar, seier Bøygard.

Fleire fell ifrå

Tore Bøygard

PRESIDENT: Tore Bøygard.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Presidenten fryktar følgjene om idrettslinja som har fått fram skiskyttartalent som Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland, blir lagt ned.

– Eg er uroa for at den kvalitet og kompetanse som er bygt opp i Stryn blir totalt smuldra ned, fryktar Bøygard.

– Det vil vere talent som ikkje kjem opp, utøvarar som tykkjer det er skummelt reise ut som 16-17-åring for å prøve det, men som droppar det. Ein moglegheit som dei per i dag har heime i trygge og gode miljø heime, held han fram.

Debatt i helga

Han rankar skiskyttarlina på høgde med Sirdal, Meråker, Nordreisa, Geil og Lillehammer. Sistnemnde er tenkt som nasjonalt kraftsenter for skiskyting.

Tarjei Bø og Ole Einar Bjørndalen

VERDSCUPVINNAR: Tarjei Bø (t.v.).

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

I helga er heile skiskyttarmiljøet i Norge invitert til leiarsamling. Her går startskotet for planlegginga av den framtidige skiskyttarutdanninga.

Forbundet ynskjer seg regionale kraftsenter som medfører kompetanseutveksling og midlar mellom kraftsentera.

– På Vestlandet peikar Stryn seg ut fordi dei har flotte anlegg, godt miljø, god kompetanse og gode trenarar. Dei har vist over tid at dette kan dei. Det gjer Stryn til ein heilt naturleg kandidat på Vestlandet, seier Presidenten.

Einaste kandidat

Det som kjem fram under debatten i helga, tek styret med seg vidare og baker inn i sine framtidsplanar. Bøygard presiserer at dei ikkje vil lande på sine val i helga.

Bø

TALENT: Johannes Thingnes Bø.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Men på Vestlandet har vi ikkje andre kandidatar. Skulle politikarane slakte det som er der, så må vi byrje å sjå på andre moglegheiter, seier Bøygard.

Opphavleg stod også Florø og Sandane på kuttlista frå fylkesadministrasjonen, med Sogndal som den einaste skulen med idrettsline.

Deler ikkje skepsis

Også høgskulelektor Frode Fretland meiner det er uheldig å stå att med berre ei idrettsline i fylket.

Leiar i oppvekstutvalet, Norvall Nøringset (SV), deler ikkje denne skepsisen.

– Eg trur at idrettsmiljøet er så sterkt mange stadar, at det håpar eg vil overleve uansett. Innspela har eg fått frå leiarar, trenarar, idrettsungdom og enkelte foreldre, er at dei fleste ungdomar som driv idrett i første omgang vil bli verande i klubben dei trenar, sa Nøringset.

Smuldrar opp

I etterkant av tilrådinga frå fylkesrådmann Tore Eriksen, har politikarane semja om å leggje halde oppe linjene på Sandane, i Florø og Sogndal.

– Eg har forstått at ein eventuelt kan få skiskyting i valfag, men det betyr ingen føreseielegheit, ingen kontinuitet og kompetansen på trenarane går ned. Du smuldrar opp heile det positive miljøet som no er kome, seier skiskyttarpresidenten og legg til:

Johan Eirik Meland

TALENT: Johan Eirik Meland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er trist om dei vil leggje ned ei line som kvalitetsmessig er av dei beste vi har i landet. Ei line som har produsert skiskyttarar både i breidde og topp.

– Baklengs inn i framtida

– Men er det ikkje mogeleg å flytte ressursar og kompetanse frå ein skule til ein annan?

Jarle Midthjell Gjørven

TALENT: Jarle Midthjell Gjørven.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Jo, men det må ligge føreseielegheit og kontinuitet. Kvifor flytte frå ein skule til ein annan skule? Kvifor ikkje berre la det vere der, alt som er bygt opp? Det kan ikkje vere meining med å ta ned noko som er bra for å bygge det opp ein annan stad.

– Det som skjer er at ein må starte heilt på nytt for å byggje opp noko som allereie er i Stryn. Det må vere å baklengs inn i framtida, avsluttar Bøygard.