Hopp til innhold

Her vert han pressa fleire meter opp frå sjøen

– Dette er det villaste eg har vore med på, var omtrent alt Jonas Guldbrandsen klarte å få fram etter ein vanvitig flytur både over og under sjøen.

Jonas Gulbrandsen får prøve seg på Jetsko under Våt Moro i Florø. Først på videoen er det ein som demonstrerar.

FLYBOARD: Carl Jacob Johansen er den einaste i landet som tilbyr denne aktiviteten. Her demonstrerer han først, før Jonas Guldbrandsen får prøve seg sjølv. Foto: Birger Meland

Våt Moro er i full i gang i Florø, og det byr på fleire moglegheiter utanom det vanlege.

Eit av tilboda i år er Flyboard, eller vassjet, der ein jetslange pumpar opp sjø som igjen gir eit så stort trykk at den som står på brettet vert pressa opp frå sjøen.

Jonas Guldbrandsen var ein av dei som måtte prøve denne svært så uvanlege vassaktiviteten, men først fekk han sjå meisteren sjølv syne kunstar på sjøen.

Unik vassport

Carl Jacob Johansen er den einaste i landet som tilbyr denne aktiviteten, og det kan gå hardt for seg undervegs.

– Det er både blåveisar og trommehinner og ting som går gale, men det kostar å gi på. Alt for vassporten, seier han.

Like før Guldbrandsen skulle få prøve kunne han likevel roe med at det ikkje var noko å vere nervøs for.

– Fem minutt så flyg han. Men det krev instruksjonar til og han må høyre på kva eg seier.

(Saka held fram under biletet)

Våt Moro 2013

GIRA: Det var ein spent Jonas Guldbrandsen som skulle prøve Flyboard, men etter tjue minutt på sjøen var han meir enn glad for at han prøvde.

Foto: Birger Meland / NRK

– Nervepirrande

Og det var ein nervøs Guldbrandsen som stod klar til sin tur.

– Balanse er ikkje min ting, så det vert spennande. Det er nervepirrande. Eg har aldri gjort noko liknande i heile mitt liv, seier han.

Etter tjue minutt med noko heilt nytt og skummelt, hadde derimot gleda og adrenalinkicket teke over for fullt.

– Det var heilt vilt, villaste eg har vore med på. Eg lærte så fort, frå å ikkje kunne til noko som helst til å føle at du var ganske mange meter over bakken og få eit mageplask som kjendest godt, kunne han fortelje.

Gav meirsmak

– Dette anbefalast på det sterkaste. Det er det råaste eg har vore med på.

Og for dei som tenker at dette er noko for dei. Fortvil ikkje, for moglegheita er der framleis.

– Her køyrer vi utleige der dei får instruktør og fullt utstyr til ein flytur på tjue minutt for 1200 kroner, seier Johansen.

Flyboard

OVER OG UNDER: Med denne kan ein fly både over og under vatn.

Foto: Birger Meland / NRK