NRK Meny
Normal

Her ventar pasientane lengst i landet

I Sogn og Fjordane må pasientar med muskel- og skjelettplager vente over tre månader på fysioterapibehandling. Det er dårlegast i landet.

Kø hjå fysioterapeuten

LANG VENTETID: Berit Sundal betalar av eiga lomme for å sleppe til hjå fysioterapeut.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Køane for å få fysioterapihjelp har auka etter Samhandlingsreforma. I Sogn og Fjordane ventar dei med muskel- og skjelettplager lengst, dei som er kronikarane.
Ventetida for denne gruppa er lengst i landet. Over halvparten ventar over tre månader.

– Eg synest det er heilt forferdeleg. Det skal ikkje vere slik i dagens samfunn, seier Berit Sundal.

Sundal har brukt nærare 15 000 kroner på behandling av eiga lomme. Ein nakkeskade gjev henne utfordringar. Alternativet hennar er å bli sjukemeld om ho skulle stå i behandlingskø.

– Eg har midlar til sliik behandling, men det er det ikkje alle som har. Det er eit svært urettvist system. Dei som ikkje har råd til å betale sjølve blir langtidssjukmelde. Det er heller ikkje rett fordi det kostar samfunnet mykje.

– Kor viktig er fysioterapitida for deg?

– Hadde ikkje eg vore her no, så hadde eg ikkje vore i 100 prosent stilling. Det er garantert.

Treng fleire fysioterapeutar

Sogn og Fjordane er fylket med flest eldre personar. Behandlinga for eldre kostar så mykje at ein arbeidsfør person som treng fysioterapeut vert skvisa ut av køen. Spesialisthelsetenesta treng fleire fysioterapeutar, og dermed veks køen for dei det ikkje hastar for.

– Til dømes kan ein person få uføretrygd i staden for å kunne vere i arbeid, eller i alle fall i delvis i jobb, seier Aslaug Terese Kleiveland.

Som regionleiar for heile Vestlandet i Norsk Fysioterapiforbund snakkar Kleiveland ofte med fortvila terapeutar.

– Det viser seg at det ikkje er godt nok slik situasjonen er no.

Står ikkje på viljen

Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, seier det er stor mangel på pengar.

– Svakheita med samhandlingsreforma er at ein har ikkje løfta nok opp rehabilitering av pasientar, seier Følling.

– Kva gjer KS med dette?

– KS har frykta ei utvikling der rehabilitering må vike for at kommunane skal ta imot utskrivingsklare pasientar. Kommunane bryr seg, men ein har ikkje blitt sett økonomisk i stand til å prioritere tenesta med rehabilitering.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.