Hopp til innhold

Her stoppa Vegvesenet ein estlendar som ikkje hadde lært av sine feil

Peikefingeren og bruksforbodet vogntogsjåføren fekk av kontrollørane i Bergen nådde truleg ikkje fram. Då estlendaren vart stoppa i Lærdal nokre timar seinare fekk han påpakning for den same feilen.

Bjarte Frækaland
Foto: Anna Gytri / NRK

– Blir han stoppa i ein kontroll på Austlandet i dag eller i morgon, for same feilen, kjem han til å bli politimeld.

Det seier inspektør Bjarte Frækaland i Statens vegvesen, som saman med kollegaene sine i dag hadde kontroll på E16 ved Håbakken i Lærdal.

– Han har ikkje skjønt bodskapen

Då det aktuelle vogntoget trilla inn på kontrollstasjonen var den estiske sjåføren snar med å fortelje at han hadde vore i kontroll i Bergen nokre timar tidlegare.

I utgangspunktet gjer ikkje Vegvesenet då ein ny kontroll, men Frækaland forstod raskt at det blei nødvendig i dette tilfellet.

I Bergen hadde nemleg den estiske sjåføren fått bruksforbod fordi han hadde eit bord med diverse krimskrams på i frontruta, noko Vegvesenet meinte hindra for sikta hans. Sjåføren hadde plukka ned bordet og fekk reise vidare. Men då han vart stoppa i Lærdal, vel tre timar køyring lenger nordaust unna, var bordet på plass igjen.

– Vi slår ned på sikthinder av omsyn til trafikktryggleiken, og dette var eit ganske stort bord. Han har ikkje skjønt bodskapen, seier Frækaland.

Stoppa bil som truleg stod i grøfta i går

I løpet av kontrollen på Håbakken tok Vegvesenet sine folk også ein nærare kikk på ein slovakisk semitrailer på veg austover. Kontrollørane hadde fått med seg at ein semitrailer med liknande utsjånad og nasjonalitet i går sperra fylkesveg 614 ved Nordalsfjordbrua i Flora.

Semitraileren hadde saksa seg, og måtte ha draghjelp av tungbergar for å kome seg vidare.

Frækaland kan ikkje fastslå det heilt sikkert, men skriv i kontrollrapporten sin at det mest sannsynleg er den same semitraileren dei i dag stoppa på Håbakken. Då dei tok køyretøyet på vekta viste den at sjåføren hadde lasta mesteparten av lasta på sjølve tralla, og var for lett på drivakslingen på trekkvogna.

– Det var ikkje mykje vekt på drivakslingen, men mykje overlast på tralla. Då går det ofte gale, seier Frækaland.

Enden på visa vart eit overlastgebyr på 4250 kroner, og at sjåføren måtte laste om før han fekk køyre vidare. I kontrollrapporten skriv Frækaland: «Dette vogntoget hadde nok også fått problem med framkomst vidare over fjellet til Austlandet, sidan det meste av lasta var på tilhengaren».

– Det er ikkje bra når det blir lasta slik, konstaterer den røynde kontrolløren.