Hopp til innhold

Vil ha gul stripe på alle riksvegane i Sogn og Fjordane innan 30 år

Det skal bli gul midtstripe på alle riksvegane i Sogn og Fjordane i løpet av dei neste 30 åra.

E39 i Gaular

SMAL: E39 gjennom Sogn og Fjordane er den verste vegstrekninga i landet. Vegvesenet håpar E39 skal få gul stripe innan 2025.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er iallfall målet i Stamnettutgreiinga som Vegdirektoratet la fram sist veke.

Og at det trengst utbetringar på vegane i fylket er nok ikkje noko overrasking. Sogn og Fjordane er verstingen i landet når det kjem til veg med gul stripe.

- Det er veldig lite veg med gul stripe i Sogn og Fjordane samanlikna med resten av landet, seier prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

Alle riksvegane treng utbetring

Berre vegar bygde dei siste to-tre åra oppfyller dagens krav til riksveg. Det betyr at stort sett alle riksvegane i Sogn og Fjordane treng utviding.

For at ein veg skal få gul midtstripe må vegen vere minst seks meter brei, fortel Kvåle.

- Asfaltbreidda må vere minst seks meter. Dette er eit knapt minimum, men med ei slik breidde kan vi måle opp gul midtstripe på vegen, seier Kvåle.

Stamnettutgreiinga er laga av Vegvesenet, og skal brukast i samband med ny Nasjonal Transportplan for perioden 2014-2023.

Planen har også teke med behovet for utbetringar heilt fram til 2040.

(Artikkelen held fram under biletet)

Passering E39.

TIDKREVJANDE: For tungtrafikken kan det ta lang tid å passere kvarandre på dei smale partia langs E39 gjennom fylket.

Foto: NRK

Vil koste 30 milliardar

Prislappen for utbetringane er på heile 30 milliardar kroner, og hovudsatsinga vert E39.

- Vi håpar å få til gul stripe på E39 gjennom Sogn og Fjordane innan 2025, seier Kvåle til NRK.no.

I tillegg til E39 ligg det inne heilårsveg over Vikafjellet i første tiårsperiode. I same periode håpar ein også å få til rassikring på riksveg 15 over Strynefjellet.

Det er også mykje som må gjerast på vegen mellom Lærdal og Florø.

- Det vert nok størst trykk på E39. Men også på vegen frå E16 i Lærdal og over på riksveg 5 heilt til Florø er det store behov for utbetring, seier Kvåle.

- Det kjem for seint

Per Andreas Øren

FOR SEINT: Per Andreas Øren i Sogn og Fjordane lastebileigarforbund meiner satsinga kjem for seint.

Foto: Silje Guddal / NRK

Leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Per Andreas Øren, er glad det no vert satsa på gul stripe.

Han meiner likevel satsinga kjem for seint.

- Det høyrest veldig lenge ut til dei skal ha dette på plass. Mange av vegane vi køyrer på i dag er så dårlege at dersom det ikkje vert noko i løpet av dei første fire-fem åra, så vert det trasige greier, seier Øren.