Hopp til innhold

Her skal dei realisere hotelldraumen

SKJOLDEN (NRK): Aslak og Siri Dalehaug tok med seg familien og flytta frå Stavanger til Skjolden. Eit hotell ved fjorden var det som skulle til for å forlate oljebyen.

Siri og Aslak Dalehaug

I HOTELLBAREN: Lobbyen og hotellbaren har sidan i haust fått ein ny stil etter oppussinga. Stolane og sofaene har dei funne på hotellet, men har no fått nye trekk og nytt liv.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I juli i fjor stod paret frå Stavanger i hotellhagen til Skjolden Hotel. Då var det gjort.

Det var nemleg ikkje oljekrisa som fekk Aslak og Siri Dalehaug til å flytte frå storbylivet i Stavanger til vesle Skjolden inst i Lustrafjorden.

– Vi såg på hotellet, og vi såg på kvarandre og tenkte at no hadde vi moglegheita til å realisere draumen vår, fortel Aslak.

1. oktober var hotellnøkkelen i deira hender, og saman med to born tok dei fatt på livet som hotelleigarar. No er dei i full gang med oppussing før dei første gjestane kan flytte inn i mai.

– Det bar preg av å vere litt slitent, men hadde sin sjarm. Det at vi pussar opp, handlar òg om kva vi ønskjer å identifisere oss med, fortel Siri.

Vaks opp i Luster

Begge to har vore i restaurant- og hotellbransjen i Stavanger i mange år og trur det vil hjelpe dei godt på veg. Dei ønskjer å gjere hotellet litt meir eksklusivt og satsar ikkje på å ta imot store busslass med turistar, sjølv om alle er velkomne, understrekar dei.

Aslak er opphavleg frå Luster og budde her til han var 12 år. I Stavanger står han bak fleire topprestaurantar, men har no selt seg ut av desse.

No ønskjer dei å setje Skjolden på kartet og vere med på å bidra til å gjere plassen til eit attraktivt reisemål.

Matoppleving i fokus

Aslak og Siri Dalehaug

I NY STIL: Skjolden hotel har ikkje berre fått nye eigarar. Aslak og Siri Dalehaug har også pussa opp store delar av hotellet allereie.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Fantastisk plassering er ikkje alt, meiner paret, og fortel at kjøkkenet naturleg vil ha ei sentral rolle der lokale råvarer vert inkludert.

– Turar på fjord og fjell er noko vi skal halde på med, men for å løfte oss til eit nivå som vi vil trivast med og som gjestane vil vere nysgjerrige på, så er vi opptekne av å satse på matopplevinga, fortel Aslak.

Eit samarbeid med ein bonde i bygda har gjort at hotellet vil ha eigne dyr og eigne grønnsaker tilgjengelege.

– Vi ønskjer at sjølve matfilosofien saman med plasseringa, vil gjere at Skjolden hotel blir verdt ei reise, seier dei.

Eige bryggeri

I tillegg har dei eit mål om å starte både mikrobryggeri og brenneri, slik at dei kan servere både eigenprodusert øl og whisky.

Og i den store hotellhagen som strekker seg frå hotellverandaen og ned til fjorden, skal ein ikkje sjå vekk frå at det dukkar opp ein og annan konsert.

– Vi har eit slags perspektiv på fem år på den totale opplevinga og då inngår alt dette i planen, seier Aslak.

Skjolden hotel

STORT POTENSIAL: Hotellhagen ved Skjolden hotell strekkjer seg heilt ned til fjorden. - Vi har mange planar, fortel dei ferske vertane.

Foto: Skjolden hotel/Siri Dalehaug