Hopp til innhold

Fann bamse i Aurlandsfjorden: – Det hadde vore utruleg kjekt om eigaren kjenner den att

Under oppryddingsarbeidet i Aurlandsfjorden fann kystvaktskipet KV Njord ein blå kosefrosk. – Det er litt spesielt å finne slike ting etter ei slik hending, seier kapteinløytnant Jørgen Varpe Wallem.

Kosebamse funnen i Aurlandsfjorden etter flaumen.

BAMSE: Denne kosebamsen er det ein gut eller jente i Flåm som saknar. – Den vart på mange måtar maskoten vår og fekk på seg hjelm og greier, seier kapteinløytnant Jørgen Varpe Wallem.

Foto: Kystvakta

Bamsen fann dei drivande i fjorden ved Kråkavikneset, kring ein kilometer frå cruisekaien i Flåm.

Midt blant tre, hustak, terrassar og anna bygningsmasse som flaumstore Flåmselvi tok med seg den dramatiske tysdagen i slutten av oktober.

– Det hadde jo vore utruleg kjekt om den kunne bli attendeført med eigaren sin. Det er sikkert nokon som saknar den, seier skipssjef kapteinløytnant Jørgen Varpe Wallem.

Bamse og bokomslag

Skipssjef, kapteinløytnant Jørgen Varpe Wallem

SKIPSSJEF: Kapteinløytnant Jørgen Varpe Wallem og KV Njord kom torsdag attende til Sognefjorden etter mannskapsbyte i Bergen.

Foto: Kystvakta

Mange mista alt dei eigde i flaumen og over 140 personar vart evakuerte då elva reiste med vegar, bruer og seks bustadhus i Flåm. Til alt hell, ingen liv gjekk tapt.

Kystvaktskipet KV Njord hjelper Kystverket i arbeidet med å rydde Sognefjorden etter flaumane i Aurland og Lærdal. Skiftet som no er om bord kom til Lærdal torsdag etter mannskapsbyte i Bergen. Her jobba dei til og med fredag.

Heile laurdag og tidleg søndag arbeidde dei i Aurlandsfjorden, før turen gjekk til nytt oppdrag i Ålesund.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

KV Njord sin patruljebåt på Aurlandsfjorden.
Foto: Kystvakta

– Vi har sett etter personlege eigedelar, men utover bamsen fann vi lite. Vi fann coveret på ei bok. Sidene vart borte. Og så fann vi ein stol frå 60-talet, seier Varpe Wallem.

– Ta kontakt

Alt som Kystvakta har plukka opp er lagra på cruisekaien i Flåm. Alf Strømsnes i Flåm Utvikling seier kaien er full av tre, restar av hus, men også inventar. Og den blå frosken.

I tillegg har musikklaget i bygda teke på seg å samle inn ting som dukkar opp etter flaumen.

– Her står mellom anna ein kommode, ei kiste, ein lenestol og ei dukke. Vi vil gjere ein jobb med å finne eigarane, men dersom nokon lurer på om dette er noko dei eig, så er det berre å ta kontakt, seier Strømsnes.

– Gjer inntrykk

KV "Njord"

KYSTVAKTA: KV Njord har også hjelpt til i oppryddingsarbeid etter snøras, jordskred og andre naturkatastrofar.

Foto: Kystvakta

Hos KV Njord seier kapteinløytnant Varpe Wallem at det gjer inntrykk å finne personlege eigendelar på slike oppdrag.

Det er ikkje første gong at Kystvakta hjelper til i oppryddingsarbeidet etter slike naturkatastrofar. Å finne att sårt sakna eigendelar til andre, hjelper litt på.

– Det er klart du tenkjer på kven som kan eige det du kjem over. Vi har jo sett nyhende vi også, at her er det folk som har mista både hus og heim. Så bamsen tok vi opp og tok godt hand om, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen

SJÅ VIDEO: Flaumen gjorde stor skade i Flåm.

Fylte cruisekaien

– Når vi kjem over slikt, så kontaktar vi lensmannen, seier kapteinløytnanten.

Det har vore lange dagar for mannskapet om bord på kystvaktskipet KV Njord. Varpe Wallem fortel at arbeidsdagen har gått frå 08 til 23. For det har vore mykje å rydde i fjorden.

Sjølv om det framleis ligg mykje att, er det uvisst om og når kystvakta kjem tilbake.

– Det ligg mykje ut Aurlandsfjorden og fram til den treff Sognefjorden. Det er alt frå smådelar frå hus, til større tre. Det ligg mykje att i fjæresteinane, seier han.