– Eg blir berre trist. Vi har jobba så knallhardt her for å få det bra, seier Katrin Heggheim Nilsen.
Ho står i kjellaren sin heilt nede ved Jølstravatnet på Ålhus. NRK gjer opptak til ei TV-sak om dei store nedbørsmengdene. Heggheim Nilsen håpar huset denne gongen skal gå klar av flaumen, for NVE har varsla at vasstanden snart skal gå ned.
Det er då det skjer. Igjen. Vatnet kjem piplande opp gjennom golvet.
– Neei! No kjem det vatn inn igjen. Sjå, det kjem boblande opp her. Og eg som hadde trudd at vi faktisk skulle sleppe unna. No kjem det skvulpande opp!
- Les også:
Jobba i mange månader etter førre skade
Katrin Heggheim Nilsen og familien opplevde så seint som for eit år sidan det store marerittet: Heile kjellaren vart ståande under vatn i samband med oktoberflaumen.
Bilete familien tok syner at dei måtte vasse i høge støvlar.
– Vi heldt på kvar ettermiddag her i åtte månader etter det som skjedde sist. Mellom anna måtte vi kaste mange ting som var øydelagde. Vi hadde tørkemaskiner her i to månader, seier Heggheim Nilsen og held fram:
– Så skrella vi av veggane inn til muren. Vi har hatt mykje arbeid her.
– Kva tenkjer du no når dette skjer igjen?
– Mange stygge ord.
Orkar ikkje pusse opp ein gong i halvåret
Då NRK var på staden, byrja vatnet å renne ut over golvet. Det var lite eller ingenting huseigaren kunne gjere med situasjonen. Einaste håpet var at NVE sine meldingar skulle slå til – og at Jølstravatnet igjen skulle gå litt tilbake.
– Med litt flaks er det berre golvet vi må ta. Men om ikkje.... Eg håpar iallfall at vi slepp å skrelle av alt igjen. Sist gong stod vatnet høgt opp på veggen, seier Heggheim Nilsen.
– Kva om det same skjer igjen?
– Då veit eg ikkje kva vi skal gjere. Vi kan ikkje halde på med oppussing ein gong i halvåret. Vi får vel ikkje selt huset heller. No kjennest det berre skikkeleg drit, seier ho.
- Les også:
Utover ettermiddagen er flaumen endeleg på retur
Ifølgje regionsjef Brigt Samdal i NVE skal den store vasstanden i Jølstravatnet no vere på retur for denne gong.
– Det har teke litt lengre tid i Jølstravatnet enn andre stader, men også her kulminerte vasstanden no nyleg. Det vil seie at toppen er nådd, seier Samdal.
– No skal det etter kvart renne meir vatn ut enn det renn inn no. Flaumen skal gi seg sakte men sikkert, seier han.
- Les også:
Samdal viser til at det skal komme mindre nedbør i timane framover, og at temperaturen skal falle. I fjellet vil nedbøren komme som snø, og det vil vere med på å dempe flaumsituasjonen