Vintercruise vart årets første cruiseskip i Flåm

– No har vi venta på dette i eit halvt år, så det er kjekt at det endeleg dukka opp, gliser hamnesjef John Erik Johnsen etter å ha teke imot årets første cruiseskip i Flåm.

Saga Sapphire til kai i Aurland

FØRSTE ANLØP: 'Saga Sapphire' vart årets første cruiseskip som klappa til kai Aurland.

Foto: Webkamera / Aurland Hamn
Oddleif Løseth
Journalist

Sesongpremieren vart britiske «Saga Sapphire» med sine vel 640 passasjerar om bord.

Klokka 0730 segla skipet inn Aurlandsfjorden og klappa til kai. No går det slag i slag til «Amadea» legg frå kai 23. september.

– Det er Flåmsbana som er hovudattraksjonen, så dei fleste tek ein tur med den. Elles skal ein del til Vatnahalsen og hotellet der dei har laga vaflar og kaffi som dei får smake på. Elles spaserer dei kring om her og vitjar butikkar, fortel hamnesjef John Erik Johnsen.

Britiske turistar

Skipet er det første som vitjar Flåm etter at «Balmoral» la frå kai 23. september i fjor. Det er også det første av 160 som i år er venta til kai.

– I går var det i Ålesund og her blir det liggande til kring klokka 17. Då går turen heim att til England og Southampton. Det er del av eit vintercruise som har vore til Alta og reist langs kysten vår, fortel Johnsen om dei vel 600 passasjerane.

Først, men ikkje størst

Sjølv om skipet er årets første, så er det langt frå det største.

– Det er ganske typisk for dei første skipa som kjem til våren. I mai får vi derimot mange store skip, og allereie første veka kjem skip med over 3.000 passasjerar, seier Johnsen og legg til at dei allereie har bygt to platningar for å leggje til rette for ein av dei verkelege gigantane.

«Independence of the Seas» er med sine vel 3.500 passasjerar venta til Luster 19. mai og Flåm dagen etter.

– Toppen er nådd

Med 250.000 passasjerar, gjekk rekordmange cruiseturistar i land i sognebygda i fjor. Like mange kjem det ikkje i år.

Hamnesjefen seier dei har mista ein heil del seriar fordi hamna berre har ein kai. Mellom anna eit stort skip som ynskte å leggje til kai i slutten av juni.

– Fjorårssesongen var spesiell. Vi har hatt enorm auke med nesten 60 prosent, mellom 90.000–100.000 turistar, siste to åra. I år reknar vi med kring 210.000, så det vil vere vår nest beste sesong og uansett veldig bra, seier Johnsen og trur Aurland har sett toppen med fjoråret.

Nye krav–færre skip

Frå 2015 blir krava til svovelinnhald i drivstoffet skjerpa frå maksimalt 1 prosent til 0,1 prosent i Sør-Norge. Oljen blir truleg dyrare, noko som kan føre til at skipa vel å segle inn færre lange fjordar.

– For dei som ikkje tilfredsstiller krava blir det veldig dyrt å segle i Nord-Europa. Det merkar vi allereie på bestillinga. Vi er oppe i 105 skip i 2015, og det er 40 skip færre enn same tid i fjor, seier Johnsen.

– Men de har kapasitet til å ta imot fleire?

– Ja, det har vi. Det vil bli nokre ledige dagar i 2015.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.