Cruiseskipet Costa Magica ved kai i Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal. NRK
Flåm fekk rutestopp frå 1878, og hadde m.a. i åra då Bergensbanen var under bygging ope på fjellet, stor trafikk. Seinare kom turistane, og i 1904 reiste 6500 passasjerar over Flåm.
Rutebåt ved den gamle dampskipskaia i Flåm. Til høgre ser vi Fretheim Hotel. Biletet er teke tidleg på 1900-talet. Foto: Paul E. Blitter.
I 1940 opna Flåmsbana, og trafikken tok seg myke opp då Fylkesbatane sette inn «fjordbussen» «Balholm» i passasjer-og godsruter på Sogn i 1949. Ut over 1980- og 1990-talet gjekk vanleg passasjertrafikk med jernbana over Flåm sterkt ned, og nattoget vart lagt ned i 1996.
Turistskyssen dominerer
Sidan er det turisttrafikken som har dominert både sjø- og jernbanetrafikken i bygda: I 1997 vart det registrert over 143.000 passasjerar med ferje og passasjerbåtar over Flåm.
Cruiseskip-passasjerane utgjer ein stor del av trafikken med Flåmsbana. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Stor cruisehamn
Flåm er i dag ei av dei store cruisehamnene på Vestlandet. I 2003 gjesta 114 turistskip bygda, og til og med dei største skipa kan leggje til ved den store cruiseskipskaia som vart opna i 1999.
Den tidlegare bilferja Gudvangen fraktar turistar mellom Flåm og Gudvangen. Ved kaia cruiseskipet Discovery. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Flåmsbana populær
Både cruisehamna og Flåmsbana vert drivne av Flåm Utvikling AS. I 2002 reiste det 414.000 passajserar med den populære Flåmsbana - der 80 prosent av den 20 kilometer lange jernbanestubben opp til Myrdal stasjon har ei stigning på 55 % - og med stopp ved den brusande Kjosfossen som spektakulært høgdepunkt.
Nede på Flåm stasjon kan turistane vitje det vesle Flåmsbane-museet, der m.a. bygdefolk har hjelpt til med å samle inn gjenstandar heilt tilbake til då banen vart bygt.
Flåm med cruiseskip. Foto: Merete Husmo Høidal. NRK