Hopp til innhold

Her kjem det nye asylmottaket i Stryn

INNVIK (NRK): Langvin blir hovudbasen for det nye asylmottaket i Stryn. Det kom fram på eit folkemøte onsdag kveld.

Tidl. Langvin jordbruksskule i UInnvik

BLIR NYTT ASYLMOTTAK: Den tidlegare jordbruksskulen i Innvik, blir no asylmottak

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er fleire grunnar til det. Ofte er det utfordrande å finne lokale som er store nok til alt vi treng, men det er det på Langvin, seier mottaksleiar Ronja Trolie.

På den gamle jordbruksskulen i Innvik skal dei ha kontorlokale for administrasjonen. Det skal og vere undervisingslokale, det skal vere barnebase og aktivitetsrom og fellesrom.

– I tillegg tenker vi at Langvin kan vere ein naturleg møteplass for både Utvik og Stryn sentrum. Difor ønsker vi å etablere oss der, seier Trolie.

Fullt hus

Om lag 150 personar hadde møtte fram til informasjonsmøtet onsdag kveld. Gymsalen på Vikane skule i Innvik var smekkfull og vitna om eit stort informasjonsbehov. Det gjorde også dei mange spørsmåla frå salen.

Ronja Tolie

LOVAR MEIR INFORMASJON: Mottaksleiar Ronja Trolie.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg synest dei som er her i kveld stiller rimlege og gode spørsmål. Eg er kjempeglad for at dei syner interesse for det som skal skje, seier Trolie.

– Mange etterlyste meir informasjon, spesielt då knytt til dette med husvære. Kvifor har de vore så tilbakehaldne med den informasjonen?

– Vi er ikkje tilbakehaldne, men det er ikkje så mykje informasjon å gi. Vi jobbar på spreng for å gi dei som bur både her, og i Stryn den informasjonen dei treng. Vi ber berre om lite grann tid så skal vi fortløpande kome med den informasjonen vi har fortløpande.

Folkemøte i Stryn

FOLKEMØTE: Full sal på folkemøtet om asylmottak i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Viktig med dette møte

Ordførar i Stryn Sven Flo har fleire gonger kritisert Norsk Mottaksdrift for manglande informasjon. Onsdag kveld var han nøgd med at dei endeleg hadde fått til eit informasjonsmøte.

Sven Flo

HAR FRAMLEIS SPØRSMÅL: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dette møtet var heilt avgjerande. Det er ikkje lenge før vi skal ta i mot dei 40 første. Vi fekk god informasjon frå både UDI og Norsk Mottaksdrift i kveld, seier Flo.

Men framleis sit kommunen med ein del spørsmål dei ynskjer å få avklart. Det var det mange av dei andre frammøtte som også gjorde. Fleire i salen stilte spørsmål ved kvar flyktingane skulle bu. Flo var skuffa over at Norsk Mottaksdrift ikkje kunne vere meir konkrete.

– Eg skjønar godt at innbyggarane i Vikane er opptekne av kva hus det er snakk om, og eg er skuffa over at vi ikkje fekk betre svar i kveld. Dette er noko eg kjem til å følge opp vidare med Norsk Mottaksdrift, seier Flo.

Vanlege bustadhus

Så langt har Norsk mottaksdrift fått på plass husvære til dei 40 plassane i trinn ein, og der blir det ei fordeling mellom Innvik, Utvik og Faleide. På informasjonsmøtet onsdag kveld kunne framleis ikkje mottaksleiar Ronja Trolie vere konkret på kva hus det er snakk.

– Det vi har sett på er vanlege bustadhus.

– Men de skal ta i mot opp mot 210, korleis skal klare å skaffe hus til alle desse?

– Det er absolutt ei utfordring, men det er noko vi har jobba med ganske lenge. Vi jobbar breitt og over heile kommunen. Vi ser eigentleg på alle typar bustadhus for å kunne huse dei som kjem. Vi skal kome tilbake med meir informasjon til innbyggarane så snart vi har det, seier Trolie.