I sin eigen kommune er Flo misnøgd med informasjonen i samband med at ein privat operatør skal busetje 200 asylsøkjarar. Heile asylprosessen verkar å vere ute av kontroll og regjeringa må snarast gjere noko, krev Flo.
– Her har sentrale styresmakter ein kjempejobb å gjere for å få kontroll.
Ute av styring
Aldri har så mange asylsøkjarar og flyktningar kome til Norge som dei siste månadene, og aldri har asylpolitikken vore meir ute av kontroll, meiner Flo.
- Les også:
Den private operatøren har på si side avvist skuldingane. Heile prosessen, frå asylsøkjarane bankar på døra inn til Norge til dei skal busetjast ute i ein kommune, verkar å vere ute av styring, meiner Flo.
- Les også:
– Det må flyte på ein heilt annan måte. Ein må få dei utplassert i asylmottak, få dei raskt godkjent og ut i kommunane, seier Flo.
Må sjå på innstrammingstiltak
– Ordbruken er feilslått, men det som er klart er at vi må sjå på innstrammingstiltak, seier statssekretær i Justisdepartementet, Jøran Kallmyr frå Frp, om kritikken frå Flo.
Han seier regjeringa alt har gjort ei rekke grep i forhold til å handtere dei som kjem og søkjer om asyl.
– Blant anna har vi oppretta eit eige mottakssenter. Vi må og huske på at det starta for fullt i september. No er vi i midten av oktober og vi har tatt i mot i den perioden enn vi har gjort dei siste åra.
I Stryn står Flo fast på kritikken.
- Les også:
– Eg trur, og det gir vel også både finansministeren og andre uttrykk for at slik situasjonen er akkurat no så har ein ikkje kontroll frå styresmaktene si side. Den kontrollen må dei innhente ganske for, også i forhold til dei som opererer i denne marknaden, seier Flo.