Hopp til innhold

Her har måsen laga seg reir

I mai måndag har hekkande måsar ofte vore ei plage ved Statens vegvesen sitt regionkontor på Leikanger, og denne måsen tok seg ekstra godt til rette.

Måse på biltak, Leikanger.

RASK: Mellom tysdag og fredag førre veke laga denne måsen reir på taket til ein av bilane til Statens vegvesen, utanfor kontora deira på Leikanger.

Foto: Statens vegvesen

– Bilen har stått parkert der sidan førre tysdag, og på fredag merka ein som jobbar her at det var kome eit reir på taket til ein av bilane våre, seier Arne Eithun, seksjonsleiar for kommunikasjonsstaben i Statens vegvesen.

Måse på biltak, Statens vegvesen, Leikanger.
Foto: Statens vegvesen

Facebook-sida si skriv Statens vegvesen region vest at dei er plaga med hekkande måsar i mai, men aldri før har måsen tatt seg til rette på denne måten.

Heldigvis hadde ikkje måsen lagt egg enno, så då fekk dei flytta reiret til eit meir passande område i nærleiken.

– Vi har bruk for bilen, så derfor måtte vi flytta måsen, seier Eithun.