Hopp til innhold

Her fekk politiet 115 oppdrag på sju timar

– Det har vore ei travel natt, med mykje ordensuro og slagsmål. Julebord er logga ved fleire av oppdraga.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt

HEKTISK: Julebordsesongen har nok vore ein medverkande faktor til at operasjonssentralen og patruljane i Vest politidistrikt fekk ei hektisk natt.

Foto: Politiet

Det seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt i Bergen.

– Natt til søndag, mellom klokka 02 og 04, plar det vere rimeleg hektisk både her og for patruljane ute. Men 115 oppdrag frå midnatt til klokka 07 er mykje. Spesielt har det vore mykje ordensuro i Bergen sentrum og Voss, legg han til.

For det er ikkje alle som toler festen like godt. I desse julebordstider er det kanskje noko større aktivitet enn elles. Ikkje alle oppdrag er like store og krevjande som andre.

– Det går mykje i ordensuro og slagsmål. Mykje er rusrelatert og julebord er logga på fleire av oppdraga. Eg håpar det er siste helga no, seier Magnussen.

I Sogn og Fjordane vart ein mann i 20-åra fråteken førarkortet på morgonkvisten søndag. Det var publikum i Sogndal som tipsa politiet om mannen. Han vart stogga i sentrum og framstilt for blodprøvetaking hos legevakta.

Dette er eit førebels punktum på ei natt, tilsynelatande ikkje alt for hektisk for politiet her i fylket.

I løpet av natta har politiet i både Vågsøy og Fjaler gjennomført promillekontrollar. Her var alt heilt topp. I Førde bomma ein ung mann på døra då han skulle heim. Før patruljen kom fram var mannen vel heime og i si eiga seng.

Heller ikkje ein rusa drosjepassasjer som skapte seg treng uroe seg for etterspel frå politiet.

– Begge sakene vart ordna på staden, seier Magnussen.

Ein godt rusa kar i 20-åra kan derimot vente seg telefon frå politiet etter festen i helga. Vedkommande vart vist ut frå ein utestad i 02 tida og trengde tre pålegg frå politiet før han reiste frå Måløy sentrum.

– Patruljen kom over den kraftig rusa mannen i nærleiken av juletreet. Han blir meld både for ordensuro og for å ikkje etterkomme pålegg frå politiet, seier Magnussen.

Frå Florø fekk politiet fleire meldingar om slåstkamp mellom to unge menn ved Taxisentralen. Ein av personane skal ha blitt slått til blods.

– Partane vart skilde og gjekk kvar til sitt. Her er det oppretta sak, seier Magnussen.