Hopp til innhold

Her fekk landbruksministeren huda full

BALESTRAND (NRK): Det gjekk heitt for seg då Jon Georg Dale vart møtt av frustrerte bønder i Balestrand fredag. – Det er som å snakke til ein vegg, seier ein provosert bondelagsleiar.

Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.

SJÅ DISKUSJONEN: Bondelagsleiar Anders Felde barka saman i ein heit diskusjon med matminister Jon Georg Dale (Frp) utanfor Ciderhuset i Balestrand.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) hadde teke turen til Balestrand på eit av dei heller hyggelege oppdraga i dag. Der skulle han stå for den offisielle opninga av Ciderhuset.

Men før han kom så langt stod bøndene i kø for å få sagt sine velvalde ord til ministeren som ikkje har ville gje dei lønsauken dei har kravd.

– Han kjem med påstandar heile tida og meiner alt er så bra, seier ein tydeleg oppgitt bondelagsleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane etter mange minutt med munnhoggeri mellom dei to.

Sperra matvarelager

Tysdag denne veka braut bondeorganisasjonane og staten forhandlingane i årets jordbruksoppgjer. Bøndene kravde 1,45 milliardar kroner, medan staten sitt første tilbod var på 410 millionar, nesten ein milliard mindre enn kravet.

Jon Georg Dale møtt av ein opprørt Anders Felde i Balestrand

USAMDE: Matministeren og leiaren i Sogn og Fjordane bondelag var tydeleg usamde i diskusjonen om kva som låg av lønsvekst i staten sitt tilbod til bøndene.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Irriterte bønder har sidan i går vist si misnøye med staten gjennom fleire aksjonar landet rundt. I morgontimane i dag vart 26 matvarelager fysisk sperra av i tre timar, slik at det ikkje var mogleg å køyre ut matvarer til butikkane. Ministeren trur det var klokt av bøndene å ikkje dra aksjonen lenger ut i tid.

– Eg trur ikkje vanlege folk har forståing for at bøndene stoggar tilgangen til den maten dei er avhengige av. Og som gjer at dei i dei aller fleste tilfelle vel norsk mat i butikken, seier Dale.

Då han vart intervjua etter konfrontasjonen med bøndene i Balestrand, heldt han fast ved at det er kravstore bønder som har skulda for brotet i forhandlingane.

– Eg meiner staten har strekt seg langt for å få til ein avtale. Men bøndene kravde ein inntektsvekst på ni prosent i ein periode der andre grupper kan vente seg tre prosent. Så langt kunne ikkje staten strekkje seg.

Bondeaksjonen i Arna i Bergen

BOM STOPP: Bøndene brukte traktorane sine for å fysisk sperre inngangane til 26 matvarelager landet rundt. Biletet er frå Asko sitt lager i Bergen.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Vil degradere matministeren

For bondelagsleiar Anders Felde er det ikkje noko alternativ å fire på krava. Spesielt bøndene med dei små og mellomstore bruka må få meir igjen for jobben dei gjer, er kravet.

– Vi reknar med at tilbodet blir overprøvd i Stortinget. Då utfører vi på ny degradering av matministeren sin påverknad i norsk landbrukspolitikk, seier Felde.

– Norske bønder gjer eit utruleg viktig arbeid året gjennom for at vi skal ha trygg mat på matbordet vårt. Eg gjekk i forhandlingar med sikte om å få til ein avtale også i år, men det let seg dessverre ikkje gjere. Det betyr ikkje at vi ikkje skal halde fram med å utvikle norsk matproduksjon. Det skal denne regjeringa bidra til, seier matministeren.