Hopp til innhold

Her har Alice fått sjokkmeldinga - igjen

For andre året på rad vann Alice Kucevic Hugøy (14) talentkonkurransen til Norsk Countrytreff. Og i år SKAL ho synge under countryfestivalen i Breim.

Dei som håpa å høyre den talentfulle Florø-jenta under fjorårets countryfestival i Breim, vart nok skuffa. Ferieturen var allereie booka den helga, og vinnaren av talentkonkurransen måtte melde pass.

Men i laurdag vann Alice Kucevic Hugøy igjen talentkonkurransen til Norsk Country Treff. Då med låten «Jolene» av Dolly Parton.

– Vi har ikkje bestilt noko ferietur denne helga i år, så no gler eg meg til å synge under festivalen, smiler ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

To heldige countrytalent sikra seg ein sjekk på 10.000 kroner og opptreden under årets countryfestival i Breim.

SJÅ VIDEO: Norsk Countrytreff arrangerte laurdag talentkonkurranse i Trivselshagen. (Foto/redigering: Runar Sandnes)

– Heilt uventa

I alt 19 deltakarar, fordelt på to klassar, stilte på scena i Trivselshagen og konkurrerte om førstepremien på 10.000 kroner og retten til å få spele under countryfestivalen andre helga i juli.

Klassa under 20 år vart vunnen av 14-åringen frå Florø, medan Tonje Holen (21) frå Malmefjorden i Møre og Romsdal vann klassa for dei over 20 år med låten «Down in Mississippi» av Sugarland.

Alice Kucevic Hugøy

VANN IGJEN: Alice Kucevic Hugøy (14) kjøpte sin sjuande gitar etter at ho vann talentkonkurransen i fjor.

Foto: Runar Sandnes

– Det var heilt uventa. Akkurat som i fjor. Det var veldig høgt nivå og alle var veldig flinke, så eg vart skikkeleg overraska, seier Kucevic Hugøy som også er kjent frå MGP Lokal og Norske talent på TV2.

Har country i seg

– For meg var det viktig å berre få delta. Premien er berre bonus, legg 14-åringen til og vedgår at møtet med countrysjangeren gjeve henne meirsmak på stilarten. Fram til i fjor var det hiphop som låg hennar hjarte nærast.

– Eg har byrja å like det meir og meir, så eg ser ikkje vekk ifrå at dette kan bli min sjanger. Når eg set meg ned for å lage popsongar, så har eg desse «countrygreiene» i fingrane som berre kjem ut, seier ho.

Kjende seg som heime

I juryen på Sandane sat booking ansvarleg Nils R. Sandal frå Norsk Countrytreff, festivalsjef Lena Melby frå Sjåk Country Festival og artist/låtskrivar Tore Andersen.

Sistnemnde har sidan 1982 vore profesjonell artist og vann i 2009 spellemannsprisen for countryplata «Right Around the Corner».

Kucevic Hugøy seier nervane fort forsvann då ho entra scena.

– Scena dei har laga til på Sandane er så fint tillaga, med lamper, høy og sofa. Den er skikkeleg heimekoseleg. Du tenkjer mest at du er heime, og då går alt så mykje betre, seier ho.

– Talent uansett alder

Talentkonkurransen er eitt av tiltaka festivalen som knutepunktfestival har starta for å fremje sjangeren. Tanken er at konkurransen skal bli eit årvisst arrangement.

Det nye for året var å dele deltakarane inn i dei over og dei under 20 år.

– Vi ynskjer å få fram talent uansett alder. Sjangeren treng scener å vise seg fram på, og vi skal gje talent i alle aldrar dette, seier prosjektansvarleg for talentkonkurransen, Kristin Sandal.

Og det var ei godt nøgd Sandal som laurdag reiste heim frå Trivselshagen.

– Vi hadde ein fantastisk kveld, med svært høgt nivå og mykje flott musikk, seier ho.