Hopp til innhold

Ho er fylkets beste countrytalent

Alice Kucevic Hugøy vann Norsk Country Treff sin musikkkonkurranse for unge songtalent i Trivselshagen på Sandane.

Alice Kucevic Hugøy frå Florø har tidlegare delteke i talentkonkurransar som Norske talenter og MGP-lokal

Denne gongen vann ho med si tolking av Frida Amundsen si låt «Closer».

– Dette var stas. Å vinne 10.000 kroner for å synge ein song... Eg hadde aldri venta det. Eg var så sjokkert då dei ropte meg opp som vinnar, jublar ho.

– Mange flinke

Norsk Country Treff sin talentkonkurranse for unge 2013 - Frå Trivselshagen på Sandane i Gloppen.

Sjå heile talentkonkurransen i nett-tv. Video er produsert av 2. klasse medium og kommunikasjon Firda vidaregåande skule.

På andreplass kom Anders Førde Midtbø band frå Førde med deira sjølvskrivne song «Josefi..»

Tredjeplassen tok Julian Svindal Luna frå Bergen med «Whiskey Lullaby» av Brad Paisley.

– Det var veldig mange flinke med, så då dei hadde ropt opp tredje- og andreplassen, så tenkte eg at «jaja. Eg fekk turen, diplom og gratisbillett til countryfestivalen». Og så ropte dei meg opp som vinnar, ler Kucevic Hugøy.

Stod over UKM

For det unge songtalentet frå kystbyen er det hiphop som ligg hjartet nærmast. Men på CD'en ho nett har laga, spelar ho eigen versjon av nemnde «Closer».

Det var også årsaka til at songpedagogen hennar rådde henne til å stille på talentkonkurransen på Sandane. Dermed stod ho over UKM i heimkommunen og reiste til nabokommunen Gloppen.

– Eg likar jo country, eg gjer det. Der er Dolly Parton ein stor favoritt. Men om veit ikkje heilt om eg ville satsa som countryartist, seier ho.

Norsk Country Treff sin talentkonkurranse 2013

Alice vann talentkonkurranse

Får spele på countryfestivalen

Kucevic Hugøy meiner scena i Trivselshagen var den koselegaste ho nokosinne har stått på.

– Dei hadde gjort det så koseleg. Countryaktig, med høy, gamle lamper og tente stearinlys. Det var kjempestas, seier ho.

Og pengepremien? Dei har ho allereie bestemt seg for kva skal gå til.

– Utdanning. Eg skal bli artist, og eg skal ha god utdanning for å bli det, seier ho skråsikkert.

– Veldig høgt nivå

Men i første omgang får ho også stå på scena under opningskonserten til sommarens countryfestival. Talentkonkurransen vart arrangert av Norsk Country Treff, for å gje unge countrytalent ei scene å stå på.

Norsk Country Treff 2010

Ein del av premien til dei tre beste i talentkonkurransen er speling på Norsk Country Treff til sommaren. Dette biletet er frå festivalen i 2010.

Foto: Per Svein Reed

Dei beste av deltakarane får spele under det store countrytreffet i Gloppen i sommar.

– Det var veldig høgt nivå, og fantastisk innsats frå alle deltakarane. Juryen hadde ein vanskelig jobb med å kåre vinnarane. Dei tre som gjekk av med seieren hadde tre veldig ulike uttrykk, seier Kristin Sandal som var ansvarleg for talentkonkurransen.

– Neste gong vil vi satse enno større

Kristin Sandal

Kristin Sandal er ansvarleg for talentkonkurransen til Norsk Country Treff.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Kristin Sandal seier dagens konkurranse definitivt gav meirsmak, og at dei satsar på ny talentkonkurranse neste år.

– Då vert det også mogleg for dei over 20 år å delta, og dei vil satse meir nasjonalt. Konkurransen i dag viste at vi har masse flotte countryartistar om vi gjev dei scene å opptre på, seier Sandal.

I juryen sat Nils R. Sandal som er artistansvarleg i Norsk Country Treff,
Øyvind Lyslo som er rådgjevar og fylkesmusikkleiar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Ann Karin Ose som er rektor i Gloppen Kulturskule,

Stipend til vinnarane

Talentkonkurransen vart arrangert i kultursalen til Trivelshagen på Sandane, der dei hadde rigga ei stemningsfull og intim countryinspirert scene for deltakarane.

Dagleg leiar i Norsk Country Treff Eva Hage Solstad delte ut premiar til dei tre beste i konkurransen. I tillegg til speletid på countryfestivalen i sommar får dei også stipend på 3000, 5000 og 10.000 kroner.

Desse deltok i konkurransen:
1. Sunniva Gjengedal (When I die – Tanya Tucker)
2. Venessa Solvåg Løvold (Emmylou – First Aid Kit)
3. Dorte Førde (Look what they´ve done to my song – Melanie Anne Safka Schekeryk)
4. Alice Kucevic Hugøy (Closer – Frida Amundsen)
5. Eli Nybø (The Last song – sjølvskreven song)
6. Anders Førde Midtbø band (Josefin - sjølvskriven song)
7. Julian Svindal Luna (Whiskey Lullaby – Brad Paisley)
8. Emma Nygaard Sætren (Blue Eyed Girl – Ida Jenshus)
9. Karoline Ellingsen (Emmylou – First Aid Kit)
10. Ingeborg Vonheim (In the arms of an angel – Sarah Mclachlen)
11. Simen Nesse Wiik (Jerry´s Breakdown – Jerry Reed og Chet Atkins)