Hopp til innhold

Her er påskequizen for 23. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Marit Aakre Tennø, busett i Luster, er leiar i organisasjonen som arbeider for å fremje nynorsk på alle område i norsk samfunn. Organisasjonsnamnet byrjar med Noregs, kan du fullføre?
  2. Kva terningspel er det som blir spelt med fem terningar, der vinnaren er den som får høgast poengsum?
  3. Bilethoggaren frå Hornindal har eit eige museum i heimbygda. Kva heiter han til etternamn?
  4. Fem utøvarar frå Tambarskjelvar er tekne ut til EM i vektløfting i Sunnfjord no etter påske. Kor mange av dei er kvinner? Skriv svaret med bokstavar.
  5. Den 14. desember 2013 opna Dalsfjordbrua. Dermed var det slutt for ferja som fram til då hadde gått mellom Dale og eit ferjeleie på nordsida av fjorden. Kva heiter ferjeleie på Askvoll-sida?
  6. Noralv Distad har i mange år vore leiar av denne «dyriske» nemnda på Vestlandet. Like før nyttår vart han erstatta av Aleksander Øren Heen. Veit du kva nemnd vi snakkar om?
  7. Blir Leikanger rekna som ein del av Ytre Sogn eller Indre Sogn?
  8. Skal du på skitur i påska vil dei aller fleste anbefale deg å ha dette inst når du skal kle på deg. Veit du kva vi meiner?
  9. I 1988 vart Jorunn Ringstad valt som den første kvinnelege ordføraren i Askvoll. Sidan har det berre vore kvinner som har hatt ordførarkjeda. Veit du kva dagens ordførar heiter til etternamn?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!