Hopp til innhold

Her er påskequizen for 27. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Berre to kommunar i Sogn og Fjordane manglar kystlinje. Den eine av dei kan skilte med den djupaste innsjøen i Europa. Kva kommune snakkar vi om?
  2. Sidan 1984 har Meteorologisk institutt hatt ein vêrstasjon i eit bygg heilt ute i havet i Sogn og Fjordane, vest av Florø. Når det er kaldt i fylket er dette ofte den varmaste målestasjonen. Veit du kva bygg vi snakkar om?
  3. Det er i dag 28 slike kontor i fylket vårt og frå vi er heilt små går vi hit jamleg. No kan 11 kontor forsvinne, kva type kontor snakkar vi om?
  4. Fotballklubben i Nordfjord delar første delen av namnet sitt med eit spesielt vêrfenomen. Kva heiter klubben?
  5. Visste du at ein av ordførarane i fylket er utdanna zoolog? Eit lite hint er at han er ordførar i ein av kommunane med kortast namn, veit du kva kommune?
  6. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var dette det mest populære jentenamnet i Sogn og Fjordane i 2015. Kva?
  7. På fylkesveg 13 over Gaularfjellet er det bygd eit utsiktspunkt som er spådd å bli svært populært. Kva er det treffande namnet på byggverket?
  8. Denne vesle tingen er ei billig forsikring for mjuke trafikantar i mørket. Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane meiner det burde vere påbode å bruke den. Kva snakkar vi om?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!