Hopp til innhold

Her er han på si siste valvake

- Det er litt spesielt etter 32 år, seier avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal under valvaka på Sunnfjord hotell.

Nils R. Sandal

SPENT: Han står ikkje på val, men er likevel spent, avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Glopparen deltek på si siste valvake, før han overlet klubba til etterkommaren sin, truleg ei kvinne.

– Eg visste dagen måtte kome, og har vore veldig innstilt på dette i fleire år. Men spesielt er det, seier han.

Vil sakne kollegaer

Etter 32 år i politikken, ser den sitjande fylkesordføraren fram til å kunne styre tida si sjølv. Før han overtok som fylkesordførar etter Knut Aarethun, var han ordførar i Gloppen.

– Eg kjem til å sakne dette. Ikkje minst alle mine politiske kollegaer. Det er kjekt å vere her, og så er det ei heilt eiga stemning, seier han og har stor forståing for politikarkollegaene som sit og trippar i spenning kring borda.

Spenninga

Valdagsmålinga er nett offentleggjort, og dei første resultata er byrja å tikke inn frå kommunane.

– Det er alltid spennande å vente på resultat. Sjølvsagt heimkommunen spesielt, sjølv om responsen der har brukt å vere veldig god. Men så er det også spanande å sjå etter trendar, seier han.

Trur på Sp-arvtakar

Spesielt spennande er også valvaka i år for den avtroppande fylkesordføraren.

Ikkje berre på kven som tek over klubba på fylkestinget, men også korleis fylkestinget blir sett saman dei neste fire åra.

– Får eg levert klubba til Jenny, så er løpet mitt fullkomen. Eg trur sjansane er store, smiler han lurt.