Hopp til innhold

Her er dei heldige Instagram-følgjarane våre

Vi lova nokre overraskingar når vi nådde 3500 følgjarar på Instagram, så no kan seks heldige vente seg pakke i posten.

Følg oss på Instagram @nrksf

FØLG OSS: Her er noko av det vi har lagt ut. Vi legg dagleg ut bilete, så følg med på Instagram-kontoen vår.

Vi har trekt ut ein som får ein DAB-radio og fem som får NRK-krus med buff og Flax-lodd oppi.

  • DAB-radio: @kallyy
  • Desse får NRK-krus med noko oppi:
  • @vibekesivertsen
  • @hopensiv
  • @totiltoppen
  • @stianaasnundal
  • @kristofferpresthaug

Følg oss gjennom vinteren og du kan få sjå flott natur, glimt frå studio og redaksjon, bli med oss ut på tur og mykje anna – dette finn du på @nrksf på Instagram.

For vi har lyst at flest mogleg skal sjå kva vi driv på med. Kvar dag legg vi ut videoar og bilete frå smått og stort og håper du vil kikke innom og like oss.

Når vi rundar 4000, blir vi igjen spandable og trekkjer ut nokre heldige blant alle følgjarane våre. Kanskje du blir ei fin førjulspakke til nettopp deg?

Vi ønskjer også at du deler dine bilete og opplevingar med oss. Merk dei gjerne med #nrksf, så dukkar dei opp på nettsida vår.