NRK Meny
Normal

Her er dei gode på kultur

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Berre Høyanger og Aurland scorar toppkarakter på NRK sitt kulturbarometer.

NRK har vurdert kultursatsinga til landets 430 kommunar. Av desse får ni av fylkets 26 kommunar stryk.

Dårlegast ut kjem Vågsøy, som berre har 26 kommunar bak seg i rangeringa. Tenesteleiar Odd Gunnar Myhre er ikkje overraska.

– Vi er fullstendig klar over det, og det er berre ein veg å gå. Men politikarane er opptekne av heilt andre ting, seier han.

Scorar høgt

Kommunen i ytre Nordfjord er ikkje åleine om å få karakteren 1 for kultursatsinga si.

I andre enden av skalaen, scorar både Aurland og Høyanger toppkarakteren 6.

– Ut frå kostratala, så er vi klar over at kulturen utgjer ein veldig liten bit av driftsutgiftene. Medan våre driftsutgifter låg på 2,2 i 2010, var snittet for fylket 3,9. Eigentleg skulle kulturbudsjettet vårt vore dobla, seier han.

Store utfordringar

– Det blir teke fram i fleire samanhengar og presentert for politikarane, men dei har heilt andre fokus. Vi kjempar om dei same kronene som dei som kjempar for eldre, asfalt og skule. Dei store sektorane har også store utfordringar, legg han til.

Kommunen kan ikkje ta meir enn dei 90 enkeltelevane dei har i kulturskulen. Frå hausten av må dei også kutte musikktilbodet i barnehagane. Derimot har dei fått på plass aspirantopplæringa.

Har ikkje midlar

– Vi skulle gjerne hatt mykje fleire elevar på kulturskulen. Men har ein ikkje midlar til det, så blir det vanskeleg. Det same gjeld forøvrig også bibliotektenesta som mellombels er plassert i Herradsheimen, seier Myhre.

Gigantunderskotet for Tall Ships Races-arrangementet har gjeve Vågsøy store økonomiske utfordringar siste åra, men Myhre vil ikkje gje arrangementet skulda for at kulturkronene er for få.

– Ser du på den daglege drifta, så er det årlege budsjettet for lågt. Slik har det vore, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Aurland god på kultur

SjÅ: TV-innslaget frå Aurland, som får toppkarakter for kultursatsinga.

– Viser ikkje att

Myhre legg til at ein i kommunen har starta ein prosess for å betre kultursatsinga. I 2009 innførde kommunen tenesteleiarstilling for kultur. Det gir i alle høve ei betre organisering.

– Vi har fått samla kulturen på eitt kontor og ansvaret lagt under ein person. Før var det spreidd utover heile organisasjonen, seier han og minner om at ikkje all kulturaktivitet kjem fram i statistikken. Storstova Nordfjordhallen er til dømes eige AS.

– Statistikken viser ikkje alt som skjer, men vi avheng veldig av godt forhold til frivillige lag og organisasjonar. Det er dei som er den viktigaste bidragsytaren, seier Myhre.

Trur ikkje på endring

Uansett utfall av haustens kommuneval, har ikkje tenesteleiaren dei store forventingane om at kulturkronene skal bli fleire.

– Eg ser ikkje noko store lyspunkt framover. No er det dette med Samhandlingsreforma som vil krevje sitt. Eg trur det blir tøffe tider i framtida også. Alt i alt er det snakk om prioritering, avsluttar Myhre.