Hopp til innhold

Her er dei beste turane for påskeferien

Fjellet, kysten eller fjorden? Her får du nokre gode turtips.

Frå rundturen Befringsstøylen - Kvannebakkbu - Bjørga

LUFTIG: Frå punkt nummer tre. Ein rundtur i Sunnfjord. Frå Befringsstøylen til Kvannebakkbu og Bjørga.

Foto: Anne Rudsengen

Marino Ask

UT PÅ TUR: Det viktigaste er å komme seg ut, seier leiar i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Gleda av å gje snøen ferske spor får nordmenn til å spenne på seg skia. Mange leitar etter den perfekte snøen, og ein treng ikkje reise langt.

Anne Rudsengen

OPPTUR: Anne Rudsengen jobbar i Statens naturoppsyn. Ho har også skrive fleire turbøker.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Moglegheitene er mange når det kjem til skiturar i Sogn og Fjordane, men det finst også andre utflukter som kan passe fint når våren gjer sitt inntog.

Roleg så langt

Onsdag var det flott ver i Sogn og Fjordane, medan det har vore dårlegare skjærtorsdag. I Årdalsfjella har det likevel vore mykje folk ute i dag, trass i tett snøvêr, opplyser Norsk Folkehjelp. Røde Kors melder også om ei stille og roleg påske så langt på grunn av dårleg vêr. Vêrmeldingane varslar meir vind i morgon og dermed også meir utfordrande tilhøve i fjella.

Men vil du ut på tur, så får du her gode råd. Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane Turlag, og Anne Rudsengen, forfattar av mellom anna «Opptur Sogn og Fjordane» gir deg sine tips til korleis du best kan nyte høgtida utandørs. Nokre turar er krevjande slik at vêrgudane bør vere på rett side. Andre passar i all slags ver, både i påska og utover våren.

1. Frå topp til topp i Nordfjord:

Utvikfjellet – Snøfjellet – Dunheia – Svinestranda–Kleivane:
På denne turen kan du bryne deg på fleire toppar. Den er på rundt 23 kilometer og tek 6–8 timar. Start på motsett side av der skiheisen på Utvikfjellet er.

– Sjansen er stor for at du får sjå den vesle villreinstammen som går i dette området på begge sider av vegen over Utvikfjellet, fortel Rudsengen.

Ho legg til at dyra ikkje er veldig sky, men at ein må vere merksam og halde seg på god avstand slik at ein ikkje skremmer dei. Om du skal ta bilete anbefaler ho telezoom.

– Her er det utruleg flott utsikt og i grunn ein tur som ikkje er så bratt. Men her trenger du to bilar fordi start og mål er på to ulike plassar. Ein må ikkje gå oppom alle toppane, men det er jo fine mål undervegs, fortel ho.

Rein ved Dunheia i Gloppen
Foto: Arnt Flatmo

2. God gamaldags hyttetur

Sogndalsdalen, Sogndal:
Her finn du mellom anna Sogndal Turlag si hytteGrøssete. Den ligg på 850 m.o.h og er utgangspunkt for fleire toppturar på austsida av dalen, men også på vestsida.

Vigdalen, Luster:
Her finn du også to turlagshytter. Vigdalsstølen og Fivlahytta. Desse hyttene har god kapasitet og er omgitt av toppar på rundt 1500 m.o.h. Då kan du gå på dagstur til ein av toppane og så ned att på hytta på ettermiddagen.

Ask meiner at området rundt Jostedalsbreen og då spesielt dalane aust for breen er fine utgangspunkt for skiturar i påska.

– Mest på grunn av den gode snøen i området. Sogndalsdalen og Vigdalen byr på veldig flott, tørr snø. Det er jo noko for alle som likar å gå på toppturar og køyre ned att, fortel Ask.

Han ønskjer å slå eit slag for god gamaldags hyttetur. I Sogn og Fjordane er det 42 turisthytter tilgjengelege.

– Det kan vere spennande, og ikkje alle er vande med å komme inn i ei kald hytte og fyre opp, men det er ein verdi som vi har med oss i den norske friluftstradisjonen. Og den skal vi halde oppe.

3. Ein tur på bre i Sunnfjord

Jostedalsbreen: Start turen frå Befring i Stardalen i Jølster, eventuelt frå Befringsstøylen om det er brøyta. Gå opp Strupen til Kvannebakknova, over litt av Jostedalsbreen og ut på utsiktspunktet på Høgenipa.

– Her kan du nesten sitje å dingle med beina og sjå rett ned i Kjøsnesfjorden, fortel Rudsengen.

Deretter går ein vidare opp på Bjørga. Så køyrer du ned att til Befringsstøylen. Sjølve turen er på rundt 20 kilometer og tar 7–8 timar.

Turen ned frå Bjørga til Befringsstølyen går for å vere "Sunnfjords finaste nedkøyring", fortel Rudsengen.

– Dette er ein skikkeleg topptur som krev kraftigare ski om ein skal ha glede av turen. Her er det store område å svinge seg ned på for dei som ikkje vil ha det for bratt. Her kan det vere tåke på breen, så ein må vite kva ein gjer, seier ho.

(Artikkelen held fram)

Rundtur Befringstøylen Kvannebakbu Bjørga
Foto: Anne Rudsengen

4. Ta beina fatt på Stadt

Stadt: Kysten av fjordfylket er ikkje like snørik som dei indre delane, men då er det berre å finne fram gode fjellsko, oppmodar turlagsleiar Ask.

– Å gå langs Stadthalvøya er fantastisk flott med utsikt ut i havet. Her går du i eit landskap som ikkje har vore dekt av breen. Å komme ned til Ervik eller Hoddevik må vere flott i påska, seier Ask.

Gode alternativ på kysten er mellom anna øyane i Flora kommune og ein tur på Lihesten i Hyllestad. Eller kva med Solund. Her kan du plukke mange toppar på kort tid, fortel Rudsengen.

5. Nydeleg fjordutsikt i Sogn

Dueskarhøgdi: Gå frå Haukåsen, flyplassen i Sogndal, og følg den attsnødde vegen til Lingesete og vidare opp til Dueskarhøgdi.

Her lovar Rudsengen flott utsikt over Sognefjorden og innover fjorden med Vik og Aurland. Turen er om lag 7 kilometer ein veg, og det tek rundt 2 timar å nå toppen.

– Dette er ein fin gåtur med fjellski og nydeleg utsikt mot Nærøyfjorden. Her er det mogleg å gå vidare til stølen Dueskar og kome ned til Fimreite. Då får ein som regel ein fin tur gjennom skogen ned til stølen og så følgjer ein skogsbilvegen ned til fjorden, fortel Rudsengen.

(Artikkelen held fram under)

Dueskarhøgdi
Foto: Anne Rudsengen

6. Med flytevest og årer

Om ikkje turar til fots eller på ski freistar kan ein jo alltids prøve seg i kajakk, meiner Ask.

– Når vi kjem til påska er det berre å koste snø av kajakken. Med klart vatn og rikt dyreliv skal du ikkje så langt ut på sjøen før du har veldig flotte opplevingar med kajakk. Så det er eit godt alternativ til skitur.

Det er kaldt i vatnet no, så ein bør ikkje ut utan tørrdrakt. Men det å halde seg kanskje litt innanskjærs kan vere lurt, samt sjekke vindforhold som kan by på utfordringar.

7. På tur med dei minste

Skal borna vere med på turen kan det vere lurt å finne turar i nærleiken Det treng ikkje vere langt å gå.

– La ungane få prøve skia, og så må ein alltid ha noko godt i sekken som kan motivere litt, seier Ask.

Rudsengen seier at det å lage bål kan vere eit fint mål for turen.

– Mi erfaring er at ungar ikkje er så glad i oppkøyrde løyper. Då er det artigare å gå der det er flatare, gjerne litt skog, og at ein lagar løypa sjølv. Ei treng ikkje nødvendigvis gå så langt, seier Rudsengen.

8. Kle og te deg rett

Skal ein ut på tur må ein vere budd. Kva du puttar i tursekken er ikkje likegyldig, seier turlagsleiaren. Ei klar oppmoding frå den turglade sunnfjordingen er å la saftflaska stå, og heller ha med drikke på termos.

– Det er lett å sjå på sola og tenkje at ein ikkje treng å ha med seg alt. Men sjølv om turen ikkje er så lang, kan det skje uventa ting. Det å ha varm drikke med seg er viktig. Har du berre kald drikke, tappar du kroppen for energi. Du må då bruke mykje energi på å få opp kroppsvarmen, forklarar Ask.

Tre lag med klede er regelen, seier Ask. Med ull inst, eit mellomlag og ei jakke som toler vind og vatn.

Skal du bevege deg nokre timar er sitjeunderlag og vindsekk fint å ha med seg, og ikkje minst spade. Skal du gå i vinterfjellet er ein spade og ei søkestong essensielt å ha i sekken.

– Det viktigaste er å ha det triveleg på tur, men også ha utstyr som kan berge deg eller andre dersom ein situasjon oppstår, forklarar Ask.

Til slutt oppmodar han alle som skal ut på tur å følgje med på vêrmeldingar, og dersom ein skal i bratt terreng er skredfaren til stades.

–Men ikkje la det vere eit hinder. Ta forholdsreglar, ver budd og legg ut på påsketur, seier han.

Turlagsleiar Marino Ask viser deg kva han har i sekken.

PAKKELISTE: Med desse sakene i sekken har du oppskrifta på ein vellykka tur. Dette er innhaldet turlagsleiar Marino Ask har i sin 45 liter store sekk når han skal på dagstur.