Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 31. desember

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz

1) Vindkraft har vore av dei heitaste potetene i året vi legg bak oss. I haust bad fleire ordførarar i fylket eigarane bak eitt av vindkraftselskapa om å stoppe sine planar her i fylket. Kva heiter dette selskapet? Vi skal ha sjette bokstav.

2) No i desember opna dørene til eit flunkande nytt hotell i Nordfjord. Bak hotellet står eit større reiarlag. Kva er tredje bokstav i bygda der hotellet står?

3) Kven var den siste som fekk fylkestrafikktryggingsprisen i Sogn og Fjordane? Då prisen vart delt ut under fylkestinget i oktober, framheva Noralv Distad (H) at vedkommande har vore særskilt viktig for trygge skulevegar. Vi skal fram til sjette bokstav i prisvinnaren sitt etternamn.

4) Det er ikkje kjekt å vere heimlaus, verken for menneske eller dyr. På Kolgrov i Solund har Dyrevernlaget i Indre Sogn engasjert seg for å hjelpe det som best kan skildrast som ein koloni av heimlause selskapsdyr. Kva dyr snakkar vi om? Vi skal ha første bokstav.

5) Gründer og spesialpedagog Heidi Aabrekk på Sandane har utvikla eit språkverktøy som blir møtt av både begeistring og skepsis. Barnehagane i Fjaler er blant 370 barnehagar over heile landet som nyttar «leiken». Kva heiter dette Aabrekk har utvikla? Vi skal ha andre bokstav.

6) «Møk frå kyr skal bli til mat for både menneske og dyr», skreiv NRK i sommar. Det er møk frå garden til to unge strynebønder som skal produsere algar, som igjen skal bli til mat på bordet. Kva heiter garden til brørne Alf Erik og Rolf Olav Gjørven? Og kva er femte bokstav.

7) Noreg er eit populært reisemål for cruiseturistane, og ikkje mindre enn fire reisemål hamna på Cruise Critics si toppliste over verdas mest populære cruisedestinasjon. Kva hamn i Sogn og Fjordane hamna på 7.-plass på denne lista? Her treng vi fjerde bokstav.