Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 1. januar

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1) – Resten av landet må sjå hit, sa statsråd Jan Tore Sanner (H) då han i sommar sikta til arbeidet ein kommune i fylket har lagt ned for å integrere innvandrarar. Kva kommune på sju bokstavar sikta han til? Vi skal ha sjuande bokstav i namnet.
  • 2) Då skulen vart vedteken nedlagd i 2016, bestemte foreldra i nordfjordbygda seg for å ta over drifta sjølve. I haust opna den kristne privatskulen dørene for 36 elevar. Kva heiter bygda på sju bokstavar? Vi skal ha tredje bokstav.
  • 3) Alpinisten frå fylket opna sesongen med fem førsteplassar og to andreplassar på dei sju første FIS-renna. Kva er etternamnet hennar? Vi skal ha andre av sju bokstavar.
  • 4) Jorunn Sunde i Førde fekk i juli oppfylt vegdraumen ho har gått med i mange år. Kva, på 11 bokstavar, var det ho for 21 år sidan etterlyste gjennom avisa Firda? Vi skal ha første bokstav.
  • 5) Ein ettertrakta fisk på fleire hundre kilo tok seg i haust inn i oppdrettsanlegg i Bremanger og på Austevoll. Kva fisk på 13 bokstavar snakkar vi om? Vi skal ha åttande bokstav.
  • 6) Arnhild Eiken frå Hyllestad vart heidra som beste individuelle skyttar i samlagsskytinga under Landsskyttarstemnet i Stjørdal. Kven sin pokal fekk ho? Svaret er på 15 bokstavar, og vi skal ha den første.
  • 7) I fjor var Fjaler-jenta med på å vinne EM-gull med det norske handballandslaget. I år følgde ho den same meisterskapen frå godstolen. Kva er mellomnamnet hennar? Vi skal ha den andre av fire.
  • 8) Ved eit senter i fylket arrangerer Røde Kors kvart år «Ferie for alle», eit tilbod for familiar med vanskeleg økonomi. Kva heiter senteret på 17 bokstavar. Vi skal ha den 15. bokstaven.
  • 9) Ei rekkje offentlege bygg har fått problem med eit lite småkryp på sju bokstavar. Kva heiter dette småkrypet? Vi skal ha første bokstav.
  • 10) I 46 år har mange venta på at ein av Jostedalsbreen sine brearmar skal avsløre restane frå ei flytragedie. Dåverande kommuneveterinær i Jølster, Søren Toubro, var på veg frå Sogndal mot Ørsta og Volda då han krasja i 1972. Kva brearm på ni bokstavar snakkar vi om? Vi skal ha åttande bokstav.
  • 11) I juli fortalde NRK om det som kan bli ein av dei siste store vasskraftutbyggingane i Noreg. Kraftverket ligg i Høyanger, men kva er det sju bokstavar lange namnet? Vi skal ha tredje bokstav.
  • 12) Den nye daglege leiaren i Sogndal Fotball kom rett frå trenarjobben i ein annan toppklubb i fylket. Kva heiter han? Vi skal ha første bokstav i det fem bokstavar lange førenamnet hans.