Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 29. desember

Finn fram penn og papir. No er det quiz-tid med NRK Sogn og Fjordane.

Julequiz 2018
Foto: Fotomontasje

(Me kom i skade for å spørje etter feil bokstav i oppgåve 3, men dette er no retta.)

Kvar dag, frå julaftan og fram til 1. nyttårsdag, gir vi deg ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane gjennom året.

Det viktigaste hjelpemiddelet du vil trenge er penn og papir. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det er berre eit kjekt avbrekk frå både julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva du enn gjer på i romjula.

Quizen er ikkje heilt som dei tidlegare versjonane. I år er det ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav.

Uansett, bokstaven vi spør etter i kvart spørsmål er del av dagens løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av ein NRK-sekk med litt julesnop. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag. Boksane «løysingsord», «namn» og «adresse» må alle fylle ut.

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, vårt populære NRK-krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

  • 1) Kva offisiell opning i Måløy stod Kronprins Haakon for i august? Vi kan seie så mykje at det er eit senter på 17 bokstavar. Vi skal fram til sjette bokstav.
  • 2) Siri Wølneberg Bøthun har engasjert seg sterkt for å hindre nedlegging av skulen ho er FAU-leiar ved. Kva skule på sju bokstavar snakkar vi om? Vi skal også her ha sjette bokstav.
  • 3) Systrene Margit og Signe Skinlo fekk æra av å opne den nye dagsturhytta på Stårheim i Eid i sommar. På kva fjell ligg denne hytta? Vi skal ha den 12. av 14 bokstavar.
  • 4) Bjørg Frøisok Bjøberg fekk nok og melde seg ut av partiet sitt då KrF gjekk inn for regjeringssamarbeid med Høgre og Frp. I kva kommune på ti bokstavar har ho vore lokalpolitikar i 18 år? Vi skal ha første bokstav.
  • 5) Verksemda Global Fish flyttar til Florø og tek med seg 50 arbeidsplassar. Frå kva kystby på åtte bokstavar i Rogaland flyttar dei? Vi skal ha første bokstav.
  • 6) Saint Jean Wheels i Høyanger vil flytte felgproduksjonen nærare sin einaste kunde. Kva bilmerke på åtte bokstavar produserer dei for? No er vi på jakt etter femte bokstav.
  • 7) Kameratane Lars Mjaavatn og Eivind Nordeide oppfylte i sommar ein mektig klatredraum. Kva ruvande fjellvegg i Noreg tok dei seg opp? Fjellveggen har 11 bokstavar. Vi skal ha den sjette.
  • 8) Høg fart og bølgjer frå turistbåtar er blitt eit betydeleg problem for kulturminne langs Nærøyfjorden. Kva er det denne kombinasjonen utset kulturminna for? Den naturlege prosessen har sju bokstavar. Vi skal ha tredje bokstav.
  • 9) Det har vakt stor oppsikt at fylkespolitikarane ynskjer å gje fylket sine aksjar i Sogn og Fjordane Energi til kommunane før fylkessamanslåinga med Hordaland. Ein tidlegare ordførar i Hordaland meinte at ei slik handling ville gi det nye Vestland fylke ein «frykteleg, frykteleg dårleg start». Kva parti på 16 bokstavar representerer han? Vi skal ha andre bokstav.