Her er dagens quiz - 1. januar

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz

1) Sjeldne fugleartar har ein tendens til å dukke på på Værlandet i Askvoll. Slikt lokkar fugleentusiastar frå heile landet til øya. Det skjedde også i byrjinga av mai, då ein fugl som berre ein gong før var sett i Noreg, fekk tre rogalendingar til å haste nær 30 timar frå ein fugleobservasjon til ein annan. Kva fugl var det då som var observert på Værlandet? Vi skal ha første bokstav.

2) Ola Fugle på Skei i Jølster nyttar framleis volvoen han kjøpte som 18-åring på 1970-talet. I dag blir bilen nytta til å servere campinggjestene noko godt til frukosten. Kva? Vi skal ha tredje bokstav.

3) Borna dyrkar kortreist mat, sorterer søppel og skvisar all limen ut av tubene. Kva heiter barnehagen i Gloppen, som vil vise at også dei minste kan gjere ein klimaskilnad? Her treng vi den tredje bokstaven.

4) Matilde Ulleland Kvammen var i sorg over at fylket hennar snart ikkje finst lenger. Som trøyst trykte ho «vekke frå kartet, men evig i hjartet» på eit klesplagg. Dette skulle vise seg å bli populært. Kva klesplagg skal vi fram til? Ta med deg første bokstav.

5) Ein artist frå fylket vart i haust kåra til årets mannlege artist av Radio Wigwam i England. Kven? Her skal vi fram til andre bokstav.

6) Det skjer kvar einaste sommar over heile landet, og i sommar fortalde NRK om fenomenet i Lærdal. Her låg nemlig døde humler strøydde under ein spesiell type tre. Kva tretype? Vi skal fram til den åttande bokstaven.