Hopp til innhold

Her er besøket halvert frå i fjor

Besøket på Skålatårnet i Loen er meir enn halvert frå i fjor. Ein kald og snørik sommar i fjellet får skulda.

skåla

KALD SOMMAR: Det har vore ein kald og snørik sommar i fjellet. På Skålatårnet i Loen er besøket halvert frå i fjor.

Foto: Lyngve Skrede

Varme og fine sommardagar i 2014 førte til ein rekordsesong på Skåla der 2600 personar skreiv seg inn i boka på toppen. Sommaren vi har lagt bak oss har vore den rake motsetnad.

– I år har vi hatt ein veldig spesiell sommar, der snøen låg veldig lenge. Det har også vore kaldt slik at snøsmeltinga ikkje kom i gang før langt ut på sommaren, seier Marit Djupevik som er hyttedriftsansvarleg i Bergen og Hordaland turlag.

Skålatårnet, eller Kloumanstårnet, som det eigentleg heiter, vart i fjor sommar kåra til den mest originale hytta i landet. Skålatårnet står på toppen av fjellet Skåla i Loen, 1848 meter over havet. Høgsesongen er juli, august og september, og det er enno litt att av høgsesongen.

Trur fint haustvêr lokkar folk til fjells

Ved fleire hytter i fjellet har dei i sommar merka at vêret har lagt ein dempar på besøket, og slik er det også altså ved Skåla i Loen.

Djupevik seier dei i sommar har registrert 700 overnattingar i Skålatårnet, medan det til saman er 1200 personar som har skrive seg inn i boka.

– Vi har hatt mindre besøk i juli, men det har teke seg opp i august og utover, seier Djupevik som trass halvering av besøket frå i fjor seier dei går mot eit normalår.

– Vi trur også at mange av dei som ikkje har kome seg til fjells i sommar ønskjer å komme seg opp no når vi får nokre fine hausthelger.

Tomme for ved

Og med heller kaldt turvêr har mange nytta høve til å få varmen i seg inne i tårnet. Djupevik fortel at mange har fyrt i omnen.

– Folk har vore frostige når dei har kome opp, så det har gått mykje ved. Så no er vi nøydde til å fylle opp med ved, slik at det er nok til hausten og vinteren.
Dette er eit teikn på at det har vore bra med folk der oppe, og at dei har kost seg, seier ho.

Ho understrekar at sesongen er langt frå slutt, og sjølv om det no er byrja bli tomt for ved skal det raskt bli ei ordning på. Dei komande dagane blir det floge opp ved nok til at folk kan varme seg også utover hausten og vinteren.

– Hausten er ofte veldig fin i fjellet, så vi håpar september blir ein god månad for oss.