Har sprengt seg fram meter for meter - i dag vart det endeleg hol

Meter for meter har arbeidskarane i NCC sprengt seg innover i Agjeldtunnelen. I dag monterte dei opp 1001 kilo med dynamitt og folket samla seg utanfor for den store smellen.

Meter for meter har arbeidskarane sprengd seg gjennom Agjeldtunnelen. Tysdag var det klart for den siste smellen, då kunne arbeidarane endeleg juble over at det var hol tverrs gjennom.

SJÅ VIDEO: Med 1001 kilo vart det i dag endeleg gjennomslag i den 900 meter lange Agjeldtunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Foto: Arne Vik.

Både store og små, innbyggjarar, politikarar, og representantar frå Statens vegvesen hadde møtt opp for å med seg smellen som i dag markerte gjennomslaget for den etterlengta Agjeldstunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Mange hadde kanskje pynta seg litt, men arbeidskarane i tunnelen stod i sine skitne arbeidsklede. Dei er ikkje fine på det, og sjølv om det er stort med gjennomslag også for dei, er det nokre som har vore med på svært mange slike dagar.

Ein av dei er Gunvald Grave. Han stod for arbeidet med å rigge til sprengladinga.

– Her er det 1001 kilo med sprengstoff.

– Det blir ein skikkeleg smell av det?

– Ja, det får vi no håpe.

Har sprengd ut 60 meter i veka

Vegen mellom Olden og Innvik har tidlegare blitt kåra til Norges verste vegstrekning og mange har opp gjennom åra irritert seg kraftig på den smale og kronglete vegen langs Nordfjorden.

Dei siste åra har bit for bit av vegen blitt utbetra og no er det strekninga mellom Agjeld og Ugla det blir arbeidd på. 900 meter av vegen her skal gå gjennom tunnel, nemleg Agjeldtunnelen.

Entreprenøren NCC har her jobba seg framover meter for meter, og faktisk har det blitt sprengt ut så mykje som 60 meter med tunnel kvar veke sidan arbeidet starta opp.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Jon Harald Huseklepp, seier arbeidet har gått raskare enn forventa, og at gjennomslaget kjem to veker før dei hadde trudd.

Han har tidlegare gitt uttrykk for at utbetringa av vegen mellom Olden og Innvik vil merkast godt blant trafikantane. Spesielt om sommaren har det vore mykje trøbbel på fylkesvegen med trailerar, bubilar, og campingbilar som blir ståande fordi det er for trongt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjennomslag på Agjeldtunnelen

1001 KILO: Det er ikkje småtteri som skal til når ein skal få hol i tunnelen. Her har ein laga til ei sprenglading med 1001 kilo dynamitt.

Foto: Arne Vik

Trur trafikantane vil spare mykje tid

Ein av dei som gler seg til at Agjeldtunnelen og resten av strekninga er ferdig utbetra er Rolf Olav Tenden.

Han driv transportfirma i Stryn og er også nestleiar i Sogn og Fjordane Lastebileigarforbund.

– Dette kan bety at trafikantane sparar alt frå ein halvtime til ein time på ein dårleg dag, seier han.

Har ikkje hatt eit einaste uhell

Utbetringa av strekninga mellom Agjeld og Ugla skal etter planen stå ferdig neste haust, og sjølv om det i dag altså blir gjennomslag på tunnelen er det mykje arbeid også med den.

– No skal vi innreie tunnelen med vegbane, det skal lagast grøfter og kummar, og vi må få på plass vass- og frostsikring og det elektriske, fortalde prosjektleiar i NCC, Odd Oppedal til NRK.no.

Han er svært godt nøgd med arbeidet dei har gjort til no, og gler seg spesielt over at dei ikkje har hatt nokre uhell så langt.

– Vi har ikkje hatt ein einaste skade på menneske, og det er vi veldig glade for.

– Eg har vore velsigna med veldig dyktige folk, seier han og skryt av arbeidsstokken sin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Representantar for NCC og Statens vegvesen i samband med gjennomslaget på Agjeldtunnelen

STOLTE KARAR: Frå venstre: Jørn Inge Grytten, Inge Gjersvold, Jon Harald Huseklepp, Trygve Skjerven, Terje Aakre, Gunvald Grave, Odd Oppedal og Jan Reidar Wik.

Foto: Arne Vik

Jobba med sprenglading i tre timar

Ein av dei som har mange års erfaring med tunnelbygging er mannen som på mange måtar styrte showet i dag.

Gunvald Grave frå Dalen i Telemark har jobba med tunnelar i 37 år og legg ikkje skjul på at det har skjedd ting og tang med på utstyr og arbeidsmetodar sidan då.

– Arbeidet går mykje fortare no, kunne han fortelje.

Men sjølv om ting altså er annleis no enn for nokre år tilbake er det framleis nitid arbeid som må leggjast ned når ein skal sprengje seg gjennom fjell for å lage tunnelar.

Salva som gjekk av i Agjeldtunnelen i dag består av 1001 kilo med sprengstoff og det har teke rundt tre timar å sette den opp.

– Dette er alltid moro

Utanfor hadde folk samla seg og venta spent på smellen. Like før klokka 17 skjedde det.

– Det er alltid spennande med gjennomslag. Det er ein milepæl som blir markert kvar gong, sa prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.

Så dundra det i fjellet og ein kunne sjå små støvskyer som bobla opp frå sprengingsområdet.

– Dette er alltid moro, no kan vi begynne med resten av arbeidet, jubla Huseklepp.