NRK Meny

Her blir vegen opna klokka 16

Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen i Årdal blir opna klokka 16. Det stadfestar kontrollingeniør Bjørn Indrebø i Statens vegvesen. – Vi har 12 mann som jobbar for fullt her akkurat no. Det er att noko småtteri, men vi opnar klokka 16, seier han. Hovudvegen inn til Årdal har vore stengd i ti døgn etter at store stein- og lausmassar losna i fjellsida over vegen.

Har starta rydding av raset i Årdal