Hopp til innhold

Her skal dei grave vekk fleire tusen tonn stein

Etter fleire dagar med spyling og reinsking i fjellsida ved Finnsåstunnelen i Årdal, er det endeleg trygt nok til å starte arbeidet med å rydde vekk rasmassane nede på vegen. I morgon opnar vegen att.

Slik ser det ut etter at dei har rydda heile laurdag på fylkesveg 53 i Årdal

MYKJE JOBB: Slik ser det ut ved Finnsåstunnelen laurdag ettermiddag. Det er mykje massar som skal ryddast vekk.

SISTE: Like før klokka 16 opplyste Vegvesenet at vegen er opna i eitt køyrefelt. Trafikken blir framover regulert ved hjelp av lysregulering.

I 14.30-tida laurdag opplyser Statens vegvesen at ryddearbeidet nede på vegen har gått slik dei hadde håpa. Entreprenøren vil halde fram til det mørknar.

– Ryddinga har gått bra. Det er ein god del rasmassar og mykje å rydde. Men no held vi fram med ryddinga i morgon, og har vegen klar til opning i eitt felt klokka 16 søndag, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Vegvesenet til NRK.

I morgon er det halvanna veke sidan vegen vart stengt. Når vegen opnar blir det i eitt køyrefelt, og trafikken vil bli regulert med lysregulering.

Det er meldt sterk vind innover Vestlandet i morgon kveld, men dette skal ikkje medføre noko umiddelbar fare for at opninga ikkje går etter planen, seier Finden.

Har jobba sidan det lysna

Kontrollingeniør Bjørn Indrebø i Statens vegvesen fortalde like før klokka 10 laurdag morgon at dei endeleg hadde starta opp ryddearbeidet nede på vegen.

Fylkesveg 53, som er hovudvegen inn og ut frå industrisamfunnet i Årdal, har vore stengd sidan sist torsdag etter at eit stort parti av fjellsida losna og dundra nedover vegen. I ein periode sist helg var kommunen heilt isolert, då også fjellvegen over til Tyin var stengt på grunn av dårleg vêr.

– No har vi starta å rydde sjølve massane i vegbana. Ein del av massane blir lempa på fjorden, medan dei største steinane blir lagt til side i rasområdet, sa Indrebø tidlegare i dag.

Har starta rydding av raset i Årdal

SKAL FLYTTE PÅ TUSENVIS AV TONN: Slik såg det ut ved Finnsåstunnelen då entrepenøren laurdag føremiddag starta arbeidet med å få opna det eine køyrefeltet.

Tidkrevjande rydde- og sikringsarbeid

Vegvesenet trudde først at dei kunne klare å opne vegen att innan kort tid, men synfaringar i fjellsida har etter kvart vist at rydde- og sikringsarbeidet på staden er omfattande.

Når det går ras langs vegane er det ofte tilstrekkeleg at det blir spylt i fjellsida ved å bruke helikopter med ein 1000-liters vasspose hengande under. I Årdal var raset så stort, og lausmassane som låg att i fjellsida så store, at Vegvesenet måtte ha hjelp av eit Super Puma-helikopter.

Dei siste dagane har det blitt fleire hundre turar for helikopteret som har spylt fjellsida. I tillegg har eit reinskelag vore fysisk oppe i fjellsida og pirka ned store og mindre steinar.

Ras Årdal - vasspose til helikopter

SPYLING: Fjellsida har blitt spylt ved hjelp av eit Super Puma-helikopter i fleire dagar denne veka.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Over 5000 tonn steinar og lausmasse

Ifølgje kontrollingeniør Bjørn Indre kom det ned vel 2500 kubikk med stein- og lausmasse då raset gjekk sist torsdag. Med arbeidet som er gjort sidan har det blitt spylt og reinska ned ytterlegare 1000 kubikk.

Dette svarar til vel 5600 tonn med stein- og lausmassar.

Rasområdet ligg like ved Årdalsfjorden, og storparten av steinane og massane vil bli dumpa rett på fjorden.

I første omgang jobbar entreprenøren på staden med å få kontroll på massane. Det vil også bli lagt att ein del masse på oppsida av vegen.

– Dersom det skulle kome ned meir frå fjellsida, ligg dette då som ein mur, forklarar Indrebø.

Meir arbeid utover veka

Reinskylaget som har jobba i fjellsida kjem tilbake for å gjere meir arbeid på måndag.

Ifølgje Vegvesenet blir det arbeid i fjellsida i fleire veker framover. Det skal mellom anna setjast opp eit mellombels sikringsnett over vegen. Medan dette arbeidet held på vil vegen vere open til visse tider av døgnet.

Rydding av rasmassane nede på sjølve vegen ved Finnsåstunnelen

HELD FRAM: Ryddearbeidet nede på vegen held fram søndag, før vegen blir opna for trafikk i eitt køyrefelt frå klokka 16.