NRK Meny
Normal

Her blir Simon (10) sendt ut igjen

- Eg er veldig trist og lei meg, seier Simon (10). Onsdag vart han på nytt henta av politiet for å bli sendt ut av landet.

Simon og faren Fkadu Tshaye blir sende frå Florø igjen.

Simon (10) og faren Fkadu Tshaye går gjennom tryggleikskontrollen på flyplassen i Florø.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

Dei eritreiske flyktningane Simon (10) og far hans Fkadu Tshaye får ikkje behandla asylsøknaden i Norge. Dermed blir dei sende ut av landet igjen .

- Eg vil ikkje reise attende til Italia. Der fekk eg ikkje mat og eg fekk ikkje sove. Vi måtte bu ute, og det var ikkje bra, seier tiåringen gråtkvalt utanfor flyplassen i Florø.

- Inga framtid i Italia

Simon og faren Fkadu Tshaye blir sende ut av landet att.

Eit samla pressekorps møtte flyktningane utanfor flyplassen.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

Politiet kom på døra i 07.30-tida onsdag. Simon hadde då pakka sekken og skulle til å gå på skulen. I staden gjekk turen til politistasjonen, og seinare via skulen der Simon fekk seie farvel til skulekameratane sine, og til flyplassen.

- Simon har inga framtid i Italia. Det er ei veldig belastning for han å bli send ut att, seier far hans, Fkadu.

- Blir ikkje høyrde

Tiåringen tok til tårene etter å ha sagt farvel til skulevenene som var samla utanfor skulen. Utanfor flyplassen vart flyktningane møtt av eit stort pressekorps. Politiet kunne ikkje kommentere utsendinga.

- Eg trudde vi endeleg hadde fått dokumenta som skulle gje oss opphald i Norge. Eg føler at ingen vil høyre på oss, og ikkje får forklart oss, seier Fkadu oppgitt.

- Må vente på celle

Dei to blir mest truleg sende attende til Italia, som er landet dei først kom til etter at dei flykta frå Eritrea.

- Er prosedyren slik som sist gong, så går turen direkte til ei celle på Gardermoen der dei, eit barn og ein pappa, blir oppbevart til dei blir sende ut av landet, fryktar Kåre Leif Hollevik, leiar i aksjonsgruppa som har engasjert seg i saka.

Han har dei siste dagane samla dokumentasjon på at flyktningane har bede italienske styresmakter om hjelp, utan å få det. Dette er oversendt Utlendingsnemnda.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote