Hopp til innhold

Henriette driv fylkets ferskaste 4H-gard

JØLSTER (NRK): Med både griser, sauer, høns, kalvar og kaninar driv Henriette Sunde 4H-gard på Jølster. Målet er å lære born og unge om landbruk og matproduksjon.

frå 4H-garden i Jølster

EIT KALL: For Henriette Sunde var det å bli bonde nesten eit kall, sjølv om ho ikkje sjølv er oppvaksen på gard.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ho er ikkje sjølv oppvaksen på gard, men for litt over tre år sidan følgde ho draumen, og kjøpte eit gardsbruk på Strand i Jølster.

– Å drive gard var ein draum eg hadde. Eg tenkjer det er noko som ligg i oss menneske, at ein har lyst til å dyrke jorda. Når moglegheita då presenterte seg, så vart valet enkelt.

Det byrja med kaninar, sau og høns. Etter kvart har det vorte både skotsk høglandsfe og gris.

– Det var eigentleg litt tilfeldig, men eg fekk ein telefon frå ei som hadde ein kalv som ho lurte på om eg ville overta. Det hadde eg aldri prøvd før, så då tenkte eg at det kan eg vel gjere, seier Sunde.

Henriette Sunde driv fylkets nyaste 4H-gard

Vart for lite med ein kalv

Men den ferske bonden tykte at det vart for smått å berre ha ein kalv, nykomlingen måtte nesten få selskap.

– Det vart for kjedeleg med berre ein kalv, så eg fekk meg ein stutekalv, og har no to kalvar.

Garden Strand på sørsida av jølstravatnet

SØRSIDA AV JØLSTRAVATNET: Strand gard ligg på sørsida av Jølstravatnet og er eit lite småbruk.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ein 4H-gard er som ein vanleg gard, med vanleg gardsdrift. Forskjellen frå andre bruk ligg i at ein til visse tider opnar opp for at folk kan kome på besøk.

– Det handlar om at ungar skal få kome og sjå kva eit gardsbruk er for noko, og korleis maten vi eter blir til. Då lærer dei om dyra, og dei lærer at maten ikkje berre kjem ifrå butikken, seier Strand.

Sau på Strand på Jølster

SAUER: I tillegg til to kalvar, høns, nokre griser og kaninar, har Henriette Sunde ein god del sauer.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Lærer respekt for dyr

Strand gard ligg ved sørsida av Jølstravatnet, og i helga var det opning av garden som 4H gard. Sunde fortel at mange tok turen for å vitje garden, og få nærkontakt med dyra.

– Ungane som kom likte veldig godt kalvane, og særleg at den eine kalven heiter Klara tykte dei var morosamt.

Og å vere i kontakt med dyr frå ung alder, tykkjer Sunde er viktig.

– Når ungane får møte dyra, så lærer dei gjensidig respekt med dyra. Dei må respektere dyra, og dyra respekterer dei.