Hopp til innhold

Helseministeren vil ha dagkirurgi til Nordfjord sjukehus

Etter å ha vitja Nordfjord sjukehus tidlegare i veka, er helseministeren klar i sitt råd til Helse Vest – Nordfjord sjukehus bør ha eit dagkirurgisk tilbod. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, kallar det ein jubeldag.

Gahr Støre på Eid

GÅR FOR DAGKIRURGI: Avtroppande helseminister Jonas Gahr Støre rår Helse Vest til at innbyggjarane på Eid skal ha eit dagkirurgisk tilbod ved sjukehuset.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Tidlegare i veka vitja Helseminster Jonas Gahr Støre Nordfjor sjukehus der politikarar og tilsette har kjempa for å få eit dagkirurgisk tilbod på plass. Etter møtet sa helseministeren at han såg mange gode argument for at dagkirurgien burde vere ein del av tilbodet ved sjukehuset.

Men no går han endå lenger. Han rår Helse Vest til å få på plass att tilbodet.

– Eg har nyleg besøkt Nordfjord sjukehus og fått gode innspel frå tilsette og lokalpolitikarar, skriv Støre i brevet. Han syner til at sjukehuset skal vere modell for andre lokalsjukehus.

– Det er i dag ikkje tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Eg meiner det er ein mangel som ein bør søke å rette opp, skriv Støre vidare.

Støre gir Helse Vest frist til 10. november med å rapportere til Helse- og omsorgsdepartementet om dagkirurgi bør vere ein del av "framtidas lokalsjukehus generelt og Nordfjord spesielt".

Alfred Bjørlo

- JUBELDAG: Ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jublande glad!

Alfred Bjørlo, som er venstreordførar i Eid, kallar det ein jubeldag. I ei pressemelding seier han at dagens brev frå helseministeren har gjort han jublande glad.

– Helse- og omsorgsministeren har no lytta til den eintydige bodskapen frå fagleg hald og frå eit samla politisk miljø i Nordfjord: Dagkirurgi er den avgjerande biten i puslespelet for å gjere Nordfjord sjukehus til ein nasjonal modell for framtidas lokalsjukehus.

– Eg er stolt og glad over det enorme engasjementet som er lagt ned i "Utviklingsprosjekt Framtidas Lokalsjukehus" dei siste to åra frå Helse Vest, Helse Førde, tilsette på sjukehuset, innbyggjarar, helsevesen og folkevalde i Nordfjord for å skape ei ny framtid for Nordfjord sjukehus.

– No har vi ein plattform for framtida vi kan stå saman om – på trygg fagleg grunn og med tverrpolitisk støtte nasjonalt, seier Eid-ordføraren.

Ingrid Heggø

- KLAR OPPMODING: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Klare oppmodingar

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) seier at ho aldri har sett eit brev med så klare oppmodingar frå ein helseminister til eit helseføretak.

– Han seier sjølv at han synest det verkar fornuftig, og alle høyringsinstansane han viser til seier at det er fornuftig. Han viser også til erfaringar med dagkirurgi andre stader i landet, til dømes i Helse Nord.

– No er det litt opp til Helse Vest om dei synest det er ein god idé eller ikkje, sieer Heggø.