Nordfjordordførarane kjende seg kuppa før møtet med helseministeren, fekk berre 30 minutt å prate

Nordfjordordførarane var misfornøgde før møtet med helseminister Jonas Gahr Støre fordi dei fekk for lite tid. – Vi kjenner oss litt kuppa, sa leiar i Nordfjordrådet, Svend Flo, då helseministeren vitja sjukehuset på Eid.

Gahr Støre til Eid sjukehus

Gahr Støre til Eid sjukehus

Svend Flo, leiar i Nordfjordrådet, meiner ordførarane har fått alt for lite tid saman med Helseministeren den tida han var i Nordfjord.

– Det var jo slik at nordfjordrådet tok initiativet i forhold til å få ministeren hit. Vi har venta ei stund på svaret og når det omsider kom var vi veldig positive og optimistiske til å få litt tid saman med ministeren her på Eid.

(Saka held fram under biletet)

Sven Flo

KUPPA: Orførar i Stryn og leiar i Nordfjordrådet, Svend Flo, var ikkje fornøgd med å berre få 30 minutt med helseministeren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han seier programmet som er laga av departementet og Helse Førde ikkje gjev dei mykje tid med statsråden.

– Vi ser at vi er avfeia med berre 30 minutt der vi får samtale med helseministeren saman med ordførane og nordfjordrådet. Det var ikkje slik vi hadde tenkt det, så vi føler oss litt "kuppa"!

Flo seier dei ikkje har hatt mogelegheit å påverke korleis programmet slik det er laga no. Det er Helse Førde og departementet som har sett det opp.

– Eg trur vi ville ha lagt det opp på ein litt annan måte. Vi hadde heilt klart gått i samarbeid med Helse Førde, det hadde vi ein intensjon om å gjere for å få til ei god gjennomføring. Men vi hadde nok mest sannsynleg invitert fleire ja.

Bolstad avviser kritikken

Administrerande direktør Jon Bolstad seier invitasjonane ikkje har vore ei problemstilling, og at alle tilsette er velkomne til å møte ministeren.

– Her er ingen strategi om at ikkje alle skal kunne møte ministeren. Viss nokon tilsette eller andre har noko på hjartet i forhold til ministeren er det ikkje lagt noko føringar for å hindre det. Men det er eit kort program, og det er sjølvsagt beklageleg.

(Saka held fram under biletet)

Jon Bolstad

AVVISER KRITIKK: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier dei ikkje har hatt nokon strategi på at ikkje alle skal kunne møte ministeren.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRK

Han seier det før besøket ikkje er spelt inn noko ønskje frå dei tilsette om å møte ministeren men at dei har hatt mogelegheita til å gjere det når ein visste om besøket.

Krav til ministeren

– Vi kjem nok til å diskutere både positive og negative sider ved lokalsjukehuset på Eid. Det vi vil ha mest fokus på likevel er nok dagkirurgi. Vi ønskjer å få det på plass att.

Han viser til at så lenge sjukehuset ikkje har eit dagkirurgisk tilbod så mister ein omgrepet sjukehus. Han meiner difor det må kirurgi inn ved sjukehuset for å gje innbyggjarane det tilbodet dei fortener.

– Vi håpar at bodskapen vår er så klart at helseministeren tar det med tilbake til departementet og til Stortinget. Vil vil også raskt ta initiativ i forhold til ny minister som vil bli peika ut.

Ministeren viser til Helse Vest

Helseminister Jonas Gahr Støre seier det ikkje er opp til han å ta stilling til om sjukehuset vil få eit dagkirurgisk tilbod. Han understrekar at det er Helse Vest som skal vurdere i løpet av hausten.

(Saka held fram under biletet)

Gahr Støre på Eid

INGEN LOVNADAR: Avtroppande helseminister Jonas Gahr Støre hadde ikkje med seg lovnadar om å gje sjukehuset i Nordfjord eit tilbod om dagkirurgi. – Men eg ser mange gode argument for det, men det er Helse Vest som skal vurdere behovet for eit slikt tilbod, sa ministeren.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Mi vurdering er at det finst mange gode grunnar til at sjukehuset her skal ha dagkirurgi som eit tilbod. No finst det mange flotte poliklinikkar her, og det er ein del av tilbodet. Men eg er også oppteken av at det må vere eit tilbod som samsvarer med behovet.

Helseministeren forklarar at vi i større grad må innrette sjukehusa våre slik at dei i størst mogeleg grad tek vare på behovet til pasientane, ut frå kor alvorleg tilstandar er, kva slags fagfolk og utstyr som trengst.

– Men eg har ikkje vanskar med å sjå at eit sjukehus som dette vil ha eit meir komplett tilbod om ein har dagkirurgi, men eg er også trygg på at Helse Vest vil gjere ei rett avgjerd når dei har vurdert behovet.

Så departementet vil ikkje gripe inn i saka?

– Det er truleg ein annan person som styrer departementet når saka kjem til Helse Vest, så eg kan berre seie dette når eg snakkar med fagfolka her, at eg ser mange gode grunnar, men at det i botnen må ligge til grunn ei grundig vurdering av behovet.