Hopp til innhold

Gulingane skal få meir helsehjelp frå Bergen

– Det blir enklare, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Jon Bolstad

AVTALE I ÅR: Fastlegar og pasientar skal få ei enklare løysing, meiner administrerande direktør Jon Bolstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Innbyggarane i Gulen skal få stadig meir av helsetenestene sine på sjukehusa Haraldsplass og Haukeland i Bergen. Også ambulansestasjonen på Dalsøyra skal etter kvart innunder Helse Bergen.

– Det handlar om å ha avklart ting for alle dei involverte, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

– Ei betre løysing

Han er trygg på at ei slik løysing vil gjere det enklare både for fastlegane og pasientane i kommunen.

– På nokre område så kan det vere naturleg å reise til Førde med tanke på tilbod og ventetid, men dette skal vi avtale i eit samarbeid med Helse Bergen, seier Bolstad.

Han understrekar at også kommunane er med i drøftingane. Bolstad håpar ei avtale kan vere på plass i løpet av året.

– Eg håpar definitivt å ha avtalen på plass i år. Kanskje kan ei avtale vere klar for styrevedtak allereie til sommaren, seier Bolstad.