Ytredal vel å køyre om Stryn og over Strynefjellet i staden for å køyre om Fjærland og Sogn når han skal til Oslo. Sjølv om dieselen er dyr og det er ein omveg på 10 mil.
Grunnen er at det blir for dyrt å betale bompengar i Fjærland og ferje over Sognefjorden. Tidsmessig er forskjellen heller ikkje stor om det klaffar med vêr og føre, meiner Ytredal. Han trekkjer òg fram at han ved å køyre Stryn slepp rasfaren i Kjøsnesfjorden.
– Også problem over Stryn
Firda Billag køyrer tre gongar for dagen til Oslo. Administrerande direktør Bjørn Nordberg seier at han til ein viss grad har forståing for Ytredal.
– Men også over Strynefjellet har det vore problem, minner Nordberg om.
Forretningsførar for Fjærlandsvegen bomstasjon har inga formeining om kor mange som vel omveg framfor å køyre gjennom bommen i Fjærland. Han seier og at det er for tidleg å seie korleis rasa i Kjøsnesfjorden eventuelt har påverka folk sitt reisemønster.