Hopp til innhold

Heller ikkje Start slo Sogndal

Sogndal og Start delte torsdag kveld broderleg på måla i treningskampen på La Manga.

Sogndal fotball

Arkivfoto av Sogndal.

Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

Med 1-1 har Sogndal opna 2009 med seks strake treningskampar utan tap.

Start tok leiinga

For heller ikkje eliteserielaget Start makta å slå laget frå fruktbygda då dei møttes til dyst i Spania. Geir Ludvig Fevang gav sørlendingane leiinga fire minutt før pause på straffespark.

Før scoringa var både Barry Kader og Henrik Furebotn nær ved å score. Men Sogndal måtte vente til 16 minutt etter kvilen før scoringa kom.

Flo scora

I pausen kom Ulrik Flo inn for Espen Olsen. Stryningen vart mannen som fekk æra av å utlikne då han ekspederte eit innlegg frå kaptein Rune Bolseth.

I følgje rapportane var uavgjort eit greitt resultat, sjølv om Start hadde fleire store sjansar i sluttminutta.

Med det har Sogndal møtt to eliteserielag, både Start og Molde, utan å tape.

5. april opnar Sogndal serien med heimekamp mot Hønefoss. Sjå heile kampoppsettet her.