Held munnen tett om skuletilbod

Det går mot ein politisk dragkamp om framtida til den vidaregåande skular.

Paneldebatt på Sandane

DEBATT: Dei politiske partia er svært usamde om korleis ein skal møte problemet med synkande elevtal i den vidaregåande skulen.

Det kom tydeleg fram under tysdagens skuledebatt på Sandane.

Partia sine løysingar på elevreduksjonen spriker i alle retningar, og ingen vågar å seie kva skular som må leggjast ned.

– Eg trur det er viktig at elevane sjølv får velje kvar dei skal gå og kva tilbod dei skal gå, seier Høgre sin andrekandidat til Fylkestinget, Olin Johanne Henden.

Fire skular kan bli nedlagde

Fram mot 2024 er det venta at elevtalet vil minke med 1 000 i den vidaregåande skulen. Fylkeskommunen vurderer å leggje ned opp til fire skular . Allereie før jul er det venta at Fylkestinget får delar av saka på bordet.

Høgre og Framstegspartiet meiner fritt skuleval, der elevane avgjer kva skular som får leve er beste løysinga.

– Det vil auke motivasjonen til å gjennomføre studia. Det er også viktig i høve til at dei får ei utdanning dei ynskjer, så dei slepp ei ny runde seinare, meiner Henden.

– Fritt blir tvang

Framlegget om fritt skuleval blir kontant avblåst av Arbeidarpartiet og Arve Helle.

– Vi risikerer, til dømes for Dale sin del, at eit fritt skuleval for 20–30 elevar plutseleg blir ei tvang for 150 andre som ikkje har den skulen dei ynskjer lengre og må flytte på hybel, seier han.

Rektor Kjell ved Firda vidaregåande skule seier det for tilsette og elevar sin del hastar å få ei avklaring.

– Varsame som resten

Heller ikkje Anders Ryssdal, som vil på fylkestinget for Senterpartiet, vil seie for mykje om skulestrukturen.

Det er Senterpartiet som dei siste periodane har hatt fylkesordførarklubba.

– I denne valkampen er Senterpartiet, som alle dei andre partia, varsame med å seie anna enn at vi har nokre kriterium som vi går laus på i det vidare arbeidet.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.