Hopp til innhold

Venta nedgang i VGS-elevar

Det kan bli færre elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket dei neste åra.

Ei oversikt frå Sogn og Fjordane fylkeskommune viser at det er venta nedgang i talet på elevar i vidaregåande trinn i åra som kjem.

Fram til 2024 er det venta at det vil bli 20 prosent færre innbyggjarar mellom 18 og 24 år her i fylket. No skal fylkeskommunen finne ut korleis nedgangen i folketalet i desse aldersgruppene vil påverke skulestrukturen i Sogn og Fjordane.

Til no har elevtalet ved dei vidaregåande skulane vore stabile.