Politi og kring 15 personar frå Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshundar søkte i natt til kring klokka 04 utan å finne spor etter den eritreiske mannen.
I 09-tida laurdag blir mannskap kalla ut på nytt.
- Les også: Asylsøkjar sakna i Årdal
– Vi har søkt i dalstroka og skogane utan funn, gjort litt etterretning opp mot bustaden hans og snakka med betre kjende og omgangskrinsen hans. Vi planlegg å halde fram søket i dag, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen hos Sogn og Fjordane politidistrikt.
Fekk tips
Søket vart starta seint fredag kveld då mannen ikkje hadde vore sett sidan føremiddagen torsdag. Like over midnatt fekk politiet tips om at mannen truleg vart observert i eit turområdet ved Moakamben torsdag ettermiddag.
Han hadde lagt at mobiltelefon og lommebok heime. Politiet mistenkjer ikkje noko kriminelt.
– Vi har først og fremst søkt ute i terrenget rundt Øvre Årdal, der den sakna tidlegare har gått turar. Vi har grunn til å tru at han har lagt ut på tur også denne gongen, seier Gulliksen.
Vurderer opptrapping
Gulliksen seier at det kan vere aktuelt å trappe opp søket utover laurdagen. I første omgang held dei fram søk i same området som i går og i natt.
– Vi må diskutere med innsatsleiar frå politiet, Hovudredningssentralen på Sola, dei frivillige som var med i går kveld og i natt, seier han og held fram:
– Helikopter vil bli vurdert ut frå kva område vi skal søke igjennom, kvar vi skal søkje og kva nytteverdi det kan ha. Sivilforsvaret kan også vere aktuelle, seier han.
Operasjonsleiaren oppmodar folk som deltek på eit arrangement ved Vettisfossen i dag, om å vere merksame og gi beskjed om dei ser mannen.