Hopp til innhold

Held fast på samanslåing og krav

Kunnskapsministeren har ikkje skifta meining. Han meiner det er best for Høgskulen i Sogn og Fjordane å slå seg saman med nokon.

Torbjørn Røe Isaksen

STÅR PÅ NYE KRAV: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterte ikkje noko nytt

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen held fast ved at Høgskulen i Sogn og Fjordane er best tent med ei samanslåing. Det sa ministeren då han presenterte hovudtrekka frå Stortingsmeldinga om utdanningsreforma som vert lagt fram fredag.

– Sogn og Fjordane er flinke på mykje. Men eg meiner framleis at på sikt vil Sogn og Fjordane tene på å slå seg saman med ein annan institusjon.

Held fast på nye krav

I Utdanningsreforma som vert lagt fram fredag blir det lagt opp til ei storstila samanslåing av høgskular og universitet, men Høgskulen i Sogn og Fjordane er éin av 13 som inntil vidare får stå åleine.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har derimot ei lang liste med nye kvalitetskrav. Desse kan bli tøffe å innfri.

– Ein skal løfte ei heilt ny lærarutdanning som kjem til å krevje store investeringar. Fordi ein har eit kjempespennande og godt miljø i Førde rundt helse- og livsstilsforsking som vil kunne bli betre ved å bli del av eit større miljø. Med større økonomiske musklar så vil ein ha større mogelegheit til å svare på det Sogn og Fjordane treng i framtida.

Ministeren har registrert at det er delte meiningar om kva lagnad Høgskulen i Sogn og Fjordane skal få i framtida.

Vil få problem med rekruttering

Uansett meiner ministeren at høgskulen er best tent med å ikkje stå åleine.

– Ja det er vår analyse. Mange andre stadar er det sterk lokal støtte til å bli ein del av eit større miljø – til dømes på Gjøvik og i Ålesund.

Han avviser at regjeringa vil stramme inn økonomisk på dei skulane som ikkje slår seg saman, men at det blir større konkurranse om pengane.

– Uansett kva som skjer så vil det bli langt større institusjonar rundt i landet det kommande året. Då trur eg at institusjonane på Vestlandet inkludert Sogn og Fjordane vil få problem med å rekruttere folk og ikkje minst studentar.